Hvorfor navnet Side Brok?
- Det var Skatebård som fekk namnet i ei openberring ein kveld han gjekk tur på Hovdeåsen. Ånda Kjekke Kjell gav han streng beskjed om å finne to rapparar og lage ei gruppe som heiter Side Brok. Og det gjorde han sjølvsagt, utan å stille spørsmål, for Skatebård er ein særs høfleg og lydig ung mann. Namnet betyr 'saggebukse'.
Hva/hvem inspirerer dere? Helter/forbilder?
- Alt er inspirasjon, og alt er ein god grunn til å prøve å setje ihop bokstavar og ord på nye måtar. Me inspirerar nok mykje kvarandre... Men av namn på heltar og inspirasjonskjelder - kan vi nemne: Devin the Dude, John Coltrane, Malk de Koijn, Arto Lindsay, Ultramagnetic MCs, Baarelaget, Rolf Heggum, Thirstin Howl. For eksempel...Må også nevne Yesterdays new Quartet, Nightmares on wax og Nirvslåttende.
Hva betyr det for dere å bli Ukas Urørt?
-Då kan vi kjøpe dyre bilar, endelig. Og gullkjeder! Å verte Vekas Urøyvde er fole kjekt, det! Og eigentleg absolutt på sin plass. No har me jo lagt heile Sunnmøre under oss, så dette er jo eit naturleg skritt vidare mot nasjonal dominans. Me reknar med å vinne "10 i skuddet" før me trekkjer oss tilbake.
Side Brok har brukt et gammelt bilde av Upunkt-journalist Håvard Ellingsen som cover. Aner vi korrupsjon...?
Hva driver dere med nå?
- Lagar ny musikk, skriv nye rim. Me satsar på å få ferdig ein ny EP eller LP til hausten. Det vert giftige greier. Elles heng me ut.
Noe mer dere vil si?
- Eg vil helse til Nirvslåttende. Dei har gode låttitlar. Eg føler meg som ei Klamsvett Nepe akkurat no, faktisk.
Hvem sitter i Urørt-juryen?
Redaksjonen i MusikkMisjonen på NRK Petre har hovedansvar for utvelgelse av låter, men Petres musikksjef og musikkprodusenter, samt redaksjonen i Lydverket kommer også med forslag og innspill.