Hopp til innhold

Seier Stoltenberg sex?

Kva kjem kongen og statsministeren til å seie under årets nyttårstaler?

Jens Stoltenberg under årets nyttårstale 2009

Jens Stoltenberg oppfordra til krisedugnad i byrjinga av 2009.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Halleluja og sex er blant dei orda som gjev størst utteljing hos spelselskapa for den som veddar på kva statsministeren kjem til å seie i nyttårstala.

For det er lite sannsynleg at Jens Stoltenberg brukar ord som sex, poker og Red Bull i den komande nyttårstala, skal vi tru spelselskapet Betsson. Dei vil ha deg til å vedde pengar på kva ord og uttrykk han har å meddele folket.

Underhaldning

Marius Andersen, dagleg leiar i Betsson Norge, påstår dei gjer det mest for underhaldninga sin del.

– Vi går gjerne igjennom ord og uttrykk som er blitt nemnt mykje i løpet av 2009, og så prøver vi etter beste evne å sette odds på dei.

Og dette seier også noko om kva ord Stoltenberg sannsynlegvis ikkje vil dra opp når han skal tale til folket. Biodiesel, avgifter og skattelette er alle tema som kan vere ubehageleg for statsministeren å snakke om. Dermed gjev dei høg gevinst på oddsen. Det er ikkje tilfeldig kva ord dei har valt.

– Vi har også eit mediebyrå som hjelper oss i denne prosessen. På dei mest opplagte uttrykka er det lite pengar å hente. Biodiesel som har vore veldig heitt den siste tida får ein ni gonger innsatsen tilbake for.

Kongen og Obama

Eit gjengangartema og heitt tips i nyttårstalen er kongefamilien. Dei fem gongane Stoltenberg har halde talen, har han avslutta med å takke kongehuset for innsatsen i året som gjekk.

Michelle og Barack Obama sammen med kong Harald under Nobelbanketten

Kvem kjem Stoltenberg til å tale om - Barack Obama eller kong Harald?

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Spelselskapet meiner det er meir sannsynleg at statsministeren snakkar om kongehuset enn om Barack Obama. Det trass i at politikarar og medie-Noreg har hatt Obamamani sidan han stilte til val som president, og som toppa seg med fredsprisen no i desember.

På nyttårsaftan, kvelden før Stoltenberg skal tale, er det kongen vi lyttar til. Der kjem han garantert til å seie godt nytt år, men oddsen stig når det kjem til ord som englar og namn som Ari Behn og Peter Mueller.

Abdisere

Veldig få trur at Kongen vil bruke ordet abdisere i sin tale, og dersom han gjer det gjev det heile 1000 gonger tilbake det ein satsa. Det er ikkje berre i Noreg at ein kan satse på nyttårstalane, det gjer dei også i Danmark.

Men der er oddsen for at dronninga seier abdisere berre 4.0. Årsaka til den lave oddsen er ifølgje den danske avisa Politiken , rykte om at dronninga er på veg til Frankrike med prins Henrik.

Kong Harald under opptaket til nyttårstalen 2008

Kong Harald under årets nyttårstale i 2008.

Foto: Jon Eeg / Scanpix

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.