Lisens har vore eit debattert tema i heile NRK sin historie. Mange lyttarar og sjåarar har vore motvillige til å betale lisens, og ein kan tru at dei som sitt på NRK sitt lisenskontor må ha ein traurig kvardag, men det har dei visst ikkje.
NRKs lisenskontor har vore oppfinnsam opp igjennom åra for å få folk til å betale lisens, men av og til er frustrasjonen hjå publikum så stor at ingenting nyttar.
Anne Line Abotnes har snakka med Viviann Bjørnbakk ved NRKs lisenskontor om folk som er kreative når dei skal betale eller ikkje betale lisensen.
Klikk på lenka i medieboksen over, og høyr heile innslaget.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.
Norgesglasset NRK P1 26. september.