Hopp til innhold

Klart for verdas første 3D-opera på tv og kino

23. februar overfører English National Opera verdas første live 3D-opera til utvalde kinoar og på tv-kanalen Sky 3D i Storbritannia. Til Noreg kjem 3D-opera truleg tidlegast mot slutten av året.

Lucrezia Borgia

Gaetano Donizettis opera om renessansens «femme fatale» Lucrezia Borgia blir tidenes første 3D-opera.

Foto: English National Opera

Direkteoverføring av opera til kinosalar har vore ein suksess både i Noreg og mange andre land, men English National Opera og Sky er dei første som gjennomfører ein 3D-produksjon av ein opera.

English National Opera vann kappløpet

Royal Opera House annonserte i desember at dei overfører Carmen i 3D 5. mars, men ikkje live. Sist helg kom nyheita om at English National Opera lanserer liveoverføring i 3D allereie 23. februar, frå ei framsyning av Gaetano Donizettis opera Lucrezia Borgia.

Det britiske Sky-konsernet har oppretta sin eigen 3D-kanal, Sky 3D, som hadde sine første sendingar sist helg. Denne kanalen kjem til å overføre Lucrezia Borgia, men sendingane er ikkje tilgjengelege utanfor Storbritannia.

Sjå i nett-tv: Innslag i Tekno om hologram og 3D

Sport og film først ut i Noreg

Viasat lanserte i desember Noregs første 3D-kanal, Viasat 3D, og dei første ordinære sendingane vert overført komande helg – frå golfturneringa Sony Open på Hawaii.

– Vi kjem til å prioritere dei områda vi er best på, nemleg sport og film, seier Øystein Hygen Christensen, informasjonsansvarleg i Viasat.

– Det skjer også mykje spennande innan dokumentarsjangeren. Vi utelukkar ikkje musikkproduksjonar heller, men vi har ingen konkrete planar på det området.

Les meir: Spektakulær tur i tre dimensjoner

Sondra Radvanovsky som Leonora og Marcelo Álvarez som Manrico i Verdis opera “Il Trovatore”

Verdis «Il Trovatore» er ein av operaene Metropolitan-operaen sender live denne våren, i HD – ikkje 3D.

Foto: Ken Howard/Metropolitan Opera

Norske kinoar interessert

Programdirektør i Oslo Kino, Christin Berg, seier at ho gjerne opnar for opera i 3D, men kun dersom Metropolitan-operaen i New York startar med slike overføringar.

– Alle våre overføringar kjem frå Metropolitan, og avtalane vi har inngått med dei inneheld ein klausul om eksklusivitet; vi kan ikkje overføre frå andre operahus, seier Berg.

– Opera på kino er svært populært, så viss Metropolitan-operaen startar med 3D, kjem vi nok til å kaste oss over det, legg ho til.

NRK har ikkje enno lukkast å få på det reine om Metropolitan-operaen har planar om 3D-overføringar.

Først i Stavanger og Sandvika?

Det er imidlertid ikkje berre Metropolitan som sender opera til kino i Noreg. SF Kino, som driv kino mellom anna i Stavanger, Tønsberg og Sandvika, har inngått avtale med distribusjonsselskapet Rising Alternative, som tilbyr overføringar mellom anna frå La Scala i Milano.

– Vi har lagt planane for overføringar ut året, men kan snu oss raskt og bli med på nye satsingar om det skjer noko spennande, seier programsjef Lars Fuglevik i SF Kino Norge.

– Vi ønskjer å henge med på utviklinga, og dette er aktuelt for oss dersom det kjem 3D-overføringar som kvalitetsmessig kan gi publikum noko ekstra.

Aktuelt mot slutten av 2011

Sjefen i Rising Alternative, Giovanni Cozzi, vurderer oppsetjingar for 3D-overføring i løpet av 2011-2012-sesongen.

– Eg kan ikkje kome med konkrete opplysingar, men vi vurderer oppsetjingar for 3D-overføring mot slutten av 2011 og tidleg i 2012, seier Cozzi på telefon frå New York.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.