Hopp til innhold

José Saramago er død

Nobelprisvinnar i litteratur José Saramago er død, 87 år gammal.

Jose SARAMAGO

Forfattar og nobelprisvinnar i litteratur, José Saramago, vart 87 år gammal.

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / Afp

Den portugisiske forfattaren José Saramago, fekk Nobelprisen i litteratur i 1998. Han er kjend som forfattar, dramatikar, omsetjar og journalist.

– Saramago døydde 87 år gammal på Lanzarote, der han budde, opplyser forleggjaren hans i dag.

Forfattaren skal ha hatt dårleg helse den siste tida, og har det siste året vore innlagt på sjukehus fleire gonger med pusteproblem.

José Saramago fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1982 med romanen Memorial do Convento (Klosterkrønike).

Nobelprisen i 1998

Då Saramago vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1998 uttalte Svenska Akademien følgjande om forfattarskapen.

«Som med likningar bore av fantasi, medkjensle og ironi stadig på nytt gjer ei unnvikande røynd forståeleg».

– Denne prisen er for alle portugisisktalande, men medan vi er inne på emnet: Eg kjem til å behalde pengane, sa Saramago sjølv då han fekk prisen.

Trass i at Saramago tok opp kontroversielle tema, og hadde ein krevjande stil, er bøkene hans lesne av svært mange. Han vert rekna som ein av dei viktigaste portugisiske romanforfattarane i nyare tid.

Saramago flytta frå Portugal på byrjinga av 1990-tallet etter at den dåverande konservative regjeringa nekta å nominere hans kontroversielle roman Jesusevangeliet til ein europeisk litteraturpris.

Kulturstrøm