Hopp til innhold

Jan Erik Fillan

Jan Erik byrja å synge nesten før han kunne snakke, og allereie som treåring brukte han teppebankaren som gitar.

Jan Erik Fillan
Foto: Bilde frå musikvideo

Vil du høyre Jan Erik synge "Anthem" frå Chess (av: B. Andersson/ T. Rice/ B. Ulveus) kan du sjekke ut  musikkvideoen hans. Denne songen  skal han og synge på Kjempesjansen på laurdag.

Sidan han var tre år har det berre gått ein veg, nemleg framover, han begynte å synge offentleg som niåring.

- Då var eg kjemperedd og knea slo som kastanjettar.

Til tross for dette gav det faktisk meirsmak for 28-åringen.

Badestrandsongar

Jan Erik Fillan
Foto: Bilde frå musikkvideo

Om sommaren då Jan Erik var rundt 10-15 år jobba han med  å synge på stader der det var mykje folk, som på badestrender.

- Det var heilt normalt for meg, men litt rart for gutane som spelte fotball i gata.

All denne synginga rundt om blant folk har nok kanskje vore bryet verdt, for allereie som femtenåring fekk han platekontrakt saman med søstera. I dag er han ferdig utdanna ved Statens Operahøgskule.

- Ein av draumane mine er sjølvsagt å synge på den nye Norsk Opera, og å kunne leve an å synge.

Då var eg kjemperedd, knea slo som kastanjettar.

Jan Erik Fillan

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- dei vil eg å bruke til å kjøpe meg eit piano, og på å få meg eit ordentleg rom til å øve i heime.

På gøy med Jan Erik:

Har du tatt nokre heilt usaklege kurs?

- Tok eit truckførarbevis i militæret, noko eg aldri har brukt, som då altså er heilt bortkasta.

Kva er ditt mest bortkasta kjøp?

- Treningskort på SATS, eg er og blir ”støttemedlem”.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.