Dei som var våkne sist onsdag, kunne få med seg at våre glade globetrotterar Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy var i ein av Europas best bevarte antikke byar. Vi fekk høyre at innbyggerane i den store byen meiner at pizzaen blei oppfunne her, at denne delen av byen blei begravd i vulkan-aske, og at vi ikkje var i Pompeii.
Vi godtar både det antikke navnet Herculanium, og dagens Erolano. Han vi har trekt ut som vinnar heldt seg til det antikke navnet, og denne vekas vinnar er Hans Atle Svenheim frå Manger i Hordaland.
Mens jubelen står i taket der mr. Svenheim befinner seg, kan vi andre på ny prøve å finne ut kor radarparet Riisnæs og Radøy befinner seg. Klikk på lenka i medieboksen over for å høre reisebrevet. Finn fram atlas og andre hjelpemiddel, og spor opp kor i all verden dette reisebrevet kjem frå. Og i dag skal vi til fjells.
Har du navnet på fjellkjeda, så send løysinga i ei tekstmelding til oss; skriv glasset, så svaret og ikkje minst ditt eige navn. Og meldinga sender du til 1987.
Du kan óg sende e-post til norgesglasset@nrk.no, eller postkort til
Norgesglasset
NRK P1
7005 Trondheim.
Norgesglasset NRK P1 05.05.2004