I forrige veke dreiv dei med slapp fokk langs ein vakker kyst; ein av dei vakraste i Europa, meiner dei. Heldigvis er landet igjen blitt eit populært reisemål, etter at det har vore heller upopulært, upraktisk og rett og slett farlig ei stund.
”Jeg mener vi skal til fødebyen til Marco Polo som er Kore'ula”, skriver Stein Einar Samnøy frå Morvik. Det må eg ærlig innrømme at eg er usikker på… Å oppgi landet ville holde i massevis. Vi skulle fram til Kroatia, men det har sjølvsagt Samnøy óg tatt med i svaret sitt. Så då sender vi ein premie til deg; eit Norgesglass med noko attåt.
Då folkens, må dokke skjerpe hørselen. Her er eit nytt reisebrev. Og denne gangen skal vi til ein by mange har høyrt om. Kva slags by får du finne ut sjølv…
Har du navigert deg fram til kva slags by dei er i? Du har vel kanskje vore på øya sjølv?
Løysinga kan du uansett sende i ein konvolutt merka Hvor i all verden til Norgesglasset, NRK 7005 Trondheim og merk. Du kan sende den som e-post til norgesglasset@nrk.no, eller du kan sende svaret som tekstmeling til 1987. Skriv Glasset pluss svar og navn og adresse og trykk på send. Nummeret er 1987.