Fotballstjerna David Beckham sto høgt på lista i ei kåring av dei mest populære spanjolane, som nylig blei presentert. Det er spanjolane sjølv som har stemt fram dei av sine landsmenn som er mest populære. Og Beckham kom på femteplass på lista. Det er berre det at han er like spansk som fish & chips. Beckham er engelsk, for svingande...
Fotballstjerna David Beckham sto høgt på lista i ei kåring av dei mest populære spanjolane.
Du må ha langt bedre geografikunnskapar enn ein gjennomsnittlig spanjol om du skal klare å hevde deg i reisekonkurransen vår; Hvor i All Verden. Vi skal sprette ein nytt reisebrev straks, men først må vi gjere oss ferdig med forrige vekes konkurranse. Då hadde vi fått eit brev frå landet som først hadde kommersiell transatlantisk flytrafikk på europeisk side, og flyplassen der er i dag mest kjent som staden der den drikken med kaffe, fløyte, sukker og brennevin blei oppfunne.
Det var vel ikkje den vanskligste oppgåva i Hvor i all verdens historie. Vi fekk inn mange riktige svar, og vi trakk ut ein vinnar, og det blei Aud Fjellkårstad frå Hornindal i Sogn og Fjordane som svara Shannon Airport i Irland. Premie er snart på veg i posten.
Då har vi sendt ”våre beste menn ut i strid igjen”. Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy er der ute i verden ein plass, men kor? Det er det din jobb å finne ut av. Vi vil ha navnet på ein by. Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre reisebrevet.
Trur du du veit navnet på byen, så send løysinga som teksmelding. Skriv glasset + svar og navn og adresse og send til 1987. Eller via e-post til norgesglasset@nrk.no eller på gamlemåten til Norgesglasset, NRK 7005 Trondheim og merk konvolutten Hvor i all verden. Våre farende fanter er tilbake neste uke til samme tid.