Forrige onsdags oppgåve vart kanskje barnemat for ein del, spesielt for ein del soldatar. Vi fekk vite at ein og annan norsk soldat med blå beret hadde trakka rundt der.
Det opplyses ikkje om ho har vore soldat, eller om det kanskje var hintet om at landet har eit sedertre i flagget, som var avgjerande. Uansett; dette kan vel ikkje vere noko anna enn Libanon, skriver Kari Sofie Askersrud frå Grua, og det har ho aldeles rett i. Eit norgesglass er på veg i posten.
Då er det klart for å spretta eit nytt reisebrev frå dei bortskjemte reiseguruane Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy. Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre reisebrevet. Vi spør nok ein gang; HVOR I ALL VERDEN våre farande var då dei sendte dette reisebrevet.
Vi skal fram til ein by, og veit du kva slags, så send svaret til norgesglasset@nrk.no, eller som tekstmelding til 1987, med kodeord glasset forran. Eller som julepost til Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.
Norgesglasset NRK P1 18.02.2004