Hopp til innhold

Protestar mot homo-superheltar

Om 21 dagar giftar superhelten Northstar seg - med ein mann. Snart kjem kanskje også Supermann ut av skapet. Det får kristenkonservative i USA til å sjå raudt.

XMEN/GAYMARRIAGE. Undated publicity photograph of artwork from the cover of Marvel Comics #51
Foto: HANDOUT / Reuters

Superhelten Northstar held hender med kjærasren Kyle på framsida av det komande magasinet «Astonishing X-Men». Tegneserieforlaget Marvel annonserte førre veke at Northstar skal gifta seg i utgåva som kjem ut 20. juni.

Marvel går dermed i fotspora til konkurrenten DC Comics, som har avslørt at ein av deira superheltar skal koma ut av skapet. Dei mest kjende superheltane i DC Comics er Batman, Robin og Supermann.

COMICS

Kanskje er Supermann neste helt ut som står fram som homofil?

Foto: JEFF CHRISTENSEN / REUTERS
Bård Nylund

Bård Nylund i LLH meiner det berre skulle mangla at superheltane kjem ut av skapet.

Foto: LLH

– Eit av dei største ikona våre kjem til å avsløre at han er homofil i juni, sa forlegger Dan DiDio til ABC News.

Målet er å spegla mangfaldet blant lesarane. I september i fjor relanserte DC Comics alle teikneserebøkene, med mellom anna karakteren Voodoo som biseksuell, og Batwoman som lesbisk.

«Bra for dei vaksne»

– Dette er kult, me takkar og bukkar for all synelegheit. Men eigentleg skulle det berre mangla at nokre superheltar er homofile, det er jo så mange homofile som er superheltar i eigne liv, seier Bård Nylund, leiar i LLH, Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner.

– Kva betyr det å ha homofile superheltar?

– Det er med på å bygga ned førestillingar om homofile, og gjer det lettare for homofile å kjenna seg igjen i teikneseriane, seier Nylund.

LLH-leiaren trur homofile superheltar kan bryta ned fordommar hjå vaksne.

– I 2012 er det kanskje borna som har færrast fordommar, seier Nylund.

«Hjernevaskar born»

Den amerikanske grupperinga «One Million Moms» er ikkje like entusiastiske. I ei pressemelding hevdar dei at Marvel og DC Comics hjernevaskar born og unge ved å visa homofile superheltar.

«Born ønskjer å vera som superheltane sine. Dei imiterer superheltane og kler seg opp som dei. Kan du sjå for deg ein liten gut som seier «eg vil ha ein gutekjærast eller ektemann, akkurat som X-Men?, skriv «One Million Moms» på nettsidene sine.

One Million Moms ber no folk om å senda protestbrev til DC Comics og Marvel. Grupperinga er ein del av «American Family Association», ein kristenkonservativ organisasjon som hevdar å ha ein halv million medlemmer, og som har eit årleg budsjett på 15 millionar dollar. Organisasjonen blir klassifisert som ei hatgruppe av Southern Poverty Law Center.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP