Hopp til innhold

Fekk toppkarakter på fiolineksamen

Det var plass til både humor, alvor, anekdotar og song då Alexander Rybak heldt sin avsluttande fiolineksamen ved Barratt Due musikkinstitutt i dag, som han fekk tildelt karakteren A for.

Alexander Rybak og Gunnar Flagstad

Alexander Rybaks hadde med seg Gunnar Flagstad på klaver under eksamenskonserten sin torsdag ettermiddag.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Då Alexander Rybak opna sin eksamenskonsert torsdag ettermiddag, var Barratt Dues konsertsal «så full som vi har lov å fylle den», som husets representant sa innleiingsvis.

– Typisk at det ein slit med, går som ein leik

Konserten opna med krevjande og virtuos musikk av Johann Sebastian Bach og Franz Schubert, før Rybak heldt fram med «lettare» musikk som Claude Debussys «Claire de lune». Det var likevel då vanskane byrja for eksamenskandidaten:

– Det er veldig typisk at det ein trur ein slit mest med, går som ein leik fordi ein har øvd så mykje, sa Rybak til NRK etter konserten.

– Men det ein har gleda seg mest til, kan bli prega av nervar og for mykje adrenalin. På dei rolegaste stykka måtte eg plutseleg tenkje: «Alex, skjerp deg no, full kontroll, ikkje bli for gira.»

– Debussy-stykket gleda eg meg mest til – så mykje at eg fekk bogeskjelv på akkurat det. Men det var jo berre to minutt av 55, og dei verkeleg vanskelege gjekk jo som ein draum.

Rybak bygde gradvis opp stemninga, delvis åleine og delvis i samspel med pianisten Gunnar Flagstad. I siste nummer tok det heilt av, med ABBA-glimt og «Great balls of fire» innsprøyta i Antonio Bazzinis «La Ronde de Lutins».

Sjå Alexander Rybak spele frå Bazzinis «La Ronde de Lutins»:

Video Alexander Rybak: «Bien»

... og synge «Great Balls of Fire» ... og Bazzini igjen:

Video Alexander Rybak: «Great balls of fire»

– Eg må ha litt av kvart på kvar konsert

Alexander Rybak etterlet liten tvil om at den klassiske musikktradisjonen har ein særskild plass i hjartet hans:

– Det er like viktig for meg å formidle denne musikken som å formidle folkemusikk eller pop, seier Rybak, som også fekk plass til ein av sine eigne komposisjonar, «Dagdrøm», på programmet.

Fiolinisten, songaren og komponisten Rybak ser det som si viktigaste oppgåve å setje dei ulike musikalske uttrykksformene i ein felles samanheng:

– Den einaste viktige oppgåva eg har, og som eg berre har fått på mine skuldrer, er å blande sjangrar og blande kulturar. Eg må ha litt av kvart på kvar konsert. Difor var det veldig spennande med denne, som nesten var ein rein klassisk konsert.

Sjå intervju med Rybak og manager Kathrine Synnes Finnskog etter konserten:

Video Intervju med Rybak etter eksamenskonserten

Meir musikk frå konserten:

Video Alexander Rybak: Sjalusi

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.