Hopp til innhold

Hellstrøm: – No må vi fikse ribba vår sjølv

Ei fullsett Frogner kirke tok farvel med Ingrid Espelid Hovig måndag. Mange møtte opp for å heidre henne for det ho gjorde for norsk kvardagsmat og ernæring. – Det kjem ikkje ei ny Ingrid. No må vi fikse ribba vår sjølv, sa Eyvind Hellstrøm til NRK.

Familie, venner og kolleger tok et siste farvel med Ingrid Espelid Hovig. Hør minneordene fra Frogner kirke.

Familie, venner og kolleger tok et siste farvel med Ingrid Espelid Hovig. Hør minneordene fra Frogner kirke.

Ingrid Espelid Hovig døydde 3. august, 94 år gamal. I dag blir ho bisett frå Frogner kirke i Oslo. Mange møtte opp for å ta farvel og vise henne ein siste heider. Blant dei var mange kokkar som stilte i kvite kokkejakker.

Hovig blei landskjent som programleiar for «Fjernsynskjøkkenet», som ho spelte inn 300 episodar av i perioden 1965 til 1998. Her viste ho blant anna korleis ein kunne lage god kvardagsmat frå botnen av.

Eyvind Hellstrøm møtte Ingrid Espelid Hovig første gong då ho skulle lage eit program frå Bagatelle. Seinare har dei laga kokebøker saman.

– Det viktigaste eg lærte av henne var å snakke med folk. Ho var eit fantastisk menneske og ein fantastisk formidlar.

Han meiner Hovig var eit fenomen i si tid, og at vi ikkje kjem til å oppleve noko liknande i framtida.

– Det kjem ikkje ei ny Ingrid. No må vi ordne ribba vår sjølv.

Mitt liv - Ingrid Espelid Hovig INGRID ESPELID HOVIG
Foto: NRK / NRK

– Møtte alle med eit lunt smil

Ingrid Espelid Hovig hadde eit nært forhold til Lars Røtterud, som var forleggaren hennar gjennom fleire år. I eit intervju med Dagbladet i 2016 sa ho at ho såg på Røtterud nærast som ein son.

Under bisettinga måndag sa Røtterud at han vil hugse henne for det lune smilet ho alltid møtte alle med.

– Ingrid hadde mange kontrastar i livet sitt. Og det gjorde henne spennande. Ho eigde ikkje autoritetsangst. Ho kunne utfordre og vere tydeleg. Ho hadde ein imponerande viljestyrke. Samtidig hadde ho djup respekt for alle andre. Ho møtte alle med openheit og eit lunt smil.

Lars Barmen før bisettelsen til Ingrid Espelid Hovig

Mange kokker stilte i kvit kokkejakke under bisetjinga til Ingrid Espelid Hovig. Blant dei var Lars Barmen som overtok som TV-kokk på NRK etter Hovig med programmet «Barmeny» i 1998.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kvinnesaksforkjemparen

Når ein snakkar om Ingrid Espelid Hovig, tenker dei aller fleste først på «Fjernsynskjøkkenet» og persillekvasten. Men ho var også politisk aktiv i Venstre, og Venstreleiar og kulturminister Trine Skei Grande trekte fram kvinnesaksforkjemparen Hovig i sin minnetale.

– Ho stod i spissen for ein generasjon kvinner som tok utdanning og gjekk ut i arbeidslivet. Ho var husstellæraren som blei heile Noregs Ingrid. Men ho var også eit forbilde for kvinner som braut ut og skapte seg ein karriereveg med utdanninga si.

Trine Skei Grande under bisettelsen til Ingrid Espelid Hovig

Kulturminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande trekte fram kvinnesaksforkjemparen Ingrid Espelid Hovig då ho mintest henne.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Grande sa det var ein draum å stå på stand med Ingrid.

– Ingen ville seie nei til ein Venstre-brosjyre frå Ingrid Espelid Hovig. Det var alltid kø når ho stod på stand. Og ho var oppmerksam, viste omtanke og hadde tid til alle.

Ein TV-pioner

Allereie då prøvesendingane for TV starta i 1956 var Hovig på plass og laga mat i ruta. Den gongen arbeidde ho i Oppslysningskontoret for fisk. Men få år seinare, blei ho fast tilsett i NRK for å lage mat på TV.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen sa i sin minnetale at Ingrid Espelid Hovig var ein av dei aller største i NRK-historia.

– Ho var elska av alle. Ho samla oss, lærte oss, gleda oss og inspirerte oss. Ingen har hatt meir å seie for norske mattradisjonar enn henne. Ingrid Espelid Hovig er ein pioner og ruvande skikkelse i norsk fjernsynshistorie med meir enn 300 sendingar av «Fjernsynskjøkkenet».

Thor Gjermund Eriksen i bisettelsen til Ingrid Espelid Hovig

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kalla Ingrid Espelid Hovig for ein pioner i norsk fjernsynshistorie.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Viktig for folkehelsa

Gjennom «Fjernsynskjøkkenet» lærte ho nordmenn om norsk tradisjonskost og ernæring. I fleire av programma samarbeidde ho også med seg legen og kosthaldseksperten Kaare Norum.

– Eg hugsar henne først og fremst som ein god venn og som ein fagleg integrert person. Ho var kjempeflink til å formidle kunnskap, og ho var med å forme fjernsynssendingane, sa Norum til Dagbladet då det blei kjent at Hovig var gått bort.

Før bisettinga måndag sa helseminister Bent Høie til NRK at Ingrid Espelid Hovig har hatt mykje å seie for norsk folkehelse:

– Ho gjorde eit enormt viktig arbeid. Ho inspirerte mange til å forstå kva kvardagsmat og eit godt kosthald kan ha å seie. Og det er fint å sjå korleis ho har inspirert mange unge kokkar til å halde fram med dette arbeidet.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.