Plastgiganten frå Lyngseidet i Troms er ni meter høg.
I alle år har han vore til begeistring og frustrasjon for sambygdingene.
Han har blitt flytta fleire gonger, frå kommunehuset og på ferjekaien. Ein periode lå han jamvel til lagring.
- Aldri noko smått
Ideen til Gollis vart fødd då nokre lyngsværinger samla seg for å smake på julebrygget. Dei ville lage noko som fekk fleire folk til å reise til Lyngen, dei vart einige om å bygge ein julenisse.
- Og når vi lyngsværinger lagar noko, så er det aldri noko smått. Nissen måtte vere så stor at han kom i Guiness rekordbok, fortel Werner Kiil, ordførar i Lyngen.
Sesongnisse, nei takk!
Nokon nissar kjem på julaften. Andre nissar børster støvet av skjegget allereie i oktober, til årvisse sukk og stønn.
Plastgiganten Gollis frå Lyngseidet er ikkje som andre nissar. Han er plass året rundt!