NRK scenen skal vere ein gylden sjanse til å vise seg fram for musikkpresse, plateselskap og eit ivrig publikum. Laurdagens talentar hadde ingen vanskar med å nytte høve. Fem gode norske band som har massevis på lager.
Regntung start
Johndoe frå Trondheim hadde ingen enkel oppgåve laurdag ettermiddag. Ein regntung Oslohimmel skuffa naturlegvis dei tusenvis av publikum som hadde sett av dagen som sommarens store rockedag. Men ein gong i ny og ne spelar veret inga rolle.
Johndoe opna NRK scenen svært positivt. Publikum vart nok overraska over at det endå finst gode og oppegåande rockeband i Noreg som syng på norsk. Trønderbandet viste tydeleg kor stort det bør vere for eit ukjent band å få spele på ei slik scene. Ingen kan klandre trønderane for å vere tamme. Johndoe ville sette standarden for dagen og opna svært bra.
Ingen hemningar
Entusiasmen smitta nok over på Merlin frå Oslo. Eit ungt og lovande punkrock band som langt i frå er sjenerte. Vokalist Martin Beyer Olsen sprella rundt på scena som han aldri har gjort noko anna. Oslobandet fekk naturlegvis med seg publikum på den måten, men musikken var også svært smittsam.

The Nod Campaign var eit svært spennande brit pop band. Foto: Øyvind André Haram.
The Nod Campaign fekk ein av dagens vanskelegaste oppgåver som oppvarmarar for Gluecifer. Det Oslobaserte bandet nytta høve til å ta på seg kvitskjorta og slips, medan vokalist Anders var klovnen sjølv i ekte rockekostyme: Lilla plysjskjorte og gule stoffbukser. Eit spennande britpop band som har masse i seg, men kanskje ikkje fekk ta det heilt ut.

Hugo imponerte stort. Foto: Øyvind André Haram.
Den store overraskinga
Dei fleste av banda på talentscena har spelt saman i fleire år, det har ikkje Hugo frå Kristiansand. Berre eit fåtal har høyrt bandet som har øvd saman sidan januar. Norwegian Wood var deira første offentlege spelejobb.
Underteikna vil bli svært overraska dersom vi ikkje høyrer noko meir til dette bandet i framtida. Gode energiske låtar som ein vert glad av å høyre. Kanskje blir det feil å gjere det, men eg vil gjerne kalle Hugo for eit rocka A-ha.
Etablerte vestlendingar
Tennis frå Bergen er kanskje det bandet flest har høyrd om. Med A-liste låt på Petre har svært mange sagt mykje bra om denne gjengen, som er god miks av sunnmøringar og bergensarar.
Bandet var tydeleg inspirert av å ha eit så stort publikum. Vokalist Ivar Krohn-Dale leika seg på scena og viste at dette er nok eit band du vil høyre meir frå i tida som kjem. Eit høgdepunkt var sistelåten der dei to i blåsegruppa i bandet miksa inn eit morosamt utdrag av "Hey Jude".
Gled deg over norsk rock og gled deg over framtida.