Gassferje set fart på Vestlandet

Mellom Halhjem i Os og sørover til Sandvikvåg på Stord pendlar tre nye ferjer som går på naturgass. Dei er dei største og raskaste ferjene her i landet. Norge Rundt har vore med Raunefjord på den mest trafikkerte strekninga i Norge.

Me passerer Bergensfjord,søsterferja
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Tre gassferjer

"Bergensjord","Fanafjord" og "Raunefjord" trafikkerer alle mellom Sandvikvåg på Stord og Halhjem i Os sør for Bergen. Dei blir drivne av gass frå Nordsjøen. Denne blir frakta med tankbåt frå Kollsnes til Halhjem, der det er store lagertankar på ferjekaien. Ombord i kvar ferje er det to gasstankar, der gassen er flytande og held minus 150 grader C.

Ferjedirigenten

Matros Willy Gåthe dirigerer sistebilen ombord
Foto: Geir Rommetveit / NRK
Klar for avgang-siste bil er ombord
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Willy Gåthe har mange års erfaring med å dirigera bilane ombord og stua for å få plass til alle. Men på denne gassferja er det plass til 212 bilar, og her gjeld det meir å passa seg så han ikkje blir nedkjørt. Det går bare 5 minutt på å tøma og fylla ferja med bilar.

Maskinen

Maskinsjef Jarle Lysen sit langt frå maskinane
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Maskinsjef Jarle Lysen ombord på "Raunefjord" er godt nøgd med gass som erstatning for diesel. "Det er miljøvennleg og ferja går raskt....eit teknisk vidunder!", seier han. Desse gassferjene brukar 40 minutt på turen som tok 55 minutt med ferjene som vart erstatta.

Kaptein utan ratt og ror

Kartlesaren på brua er mykje i bruk
Foto: Geir Rommetveit / NRK
Kaptein Johnny Slettevold
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Johnny Slettevold er kaptein på "Raunefjord". Han var også kaptein på ferjene som gjekk Sandvikvåg-Halhjem tidlegare. Han sit med hendene på kvar sin vesle hendel, som han styrer med - når ikkje autopiloten gjer arbeidet. Det er trongt i innløpet til Sandvikvåg, og det krevst konsentrasjon. At ferjene går raskare enn før, betyr ikkje at det er meir risikabelt, meiner Johnny Slettevold.

Maten er viktig

Komle eller raspeball er populært ombord
Foto: Geir Rommetveit / NRK
Smilande kjøkkenpersonale på "Raunefjord"
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Det er ikkje mange av passasjerane som ikkje stikk bortom matserveringa straks dei er oppe i salongen. Kvar dag går det an å kjøpa komle eller raspeball, og det går unna! Også svele er populært.

Bli med ombord i gassferja "Raunefjord" ; Norge Rundt fredag kl 19.30 på NRK 1

Kulturstrøm

  • 40 millioner så nyttårskonsert

    Wienerfilharmonikernes konsert som hvert år sendes på NRK første nyttårsdag, gikk i år ut direkte til 42 land og et rekordstort publikum skriver Eurovision Broadcasting Union i et nyhetsbrev.

    Også i år ønsker Wienerfilharmonikerne alle et Godt Nytt År fra den gyldne salen i Musikverein. Dirigent er Christian Thielemann og balletten er koreografert av Andrey Kaydanovskiy
Kommentator i Wien er Arild Erikstad.
  • Utvider populært barnebokunivers

    Jeff Kinneys «En pingles dagbok» har hatt internasjonal suksess. På verdensbasis har bøkene solgt i 200 millioner eksemplarer. Nå kommer forfatteren med en ny serie fra samme univers, der det er Pinglas bestevenn som skriver dagbok, melder NTB.

    Forfatter Jeff Kinney
    Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Tema
  • Låten som endret synonymordboka

    Sjarmtroll, tøtte, det svake kjønn: dette er noen av ordene oppført som synonymer for «kvinne» i Gyldendals synonymordbok i 1974. Artist Bente Geving forteller hvordan bandet hennes Amtmandens døtre med låten «Synonymordboka» bidro til en endring av dette oppslagsverket. Hør mer i NRK P2s Spillerom.

    Video Amtmandens døtre synger "Rett til Arbeid"