Hopp til innhold

Fosse donerer privatarkiv til NB

Nasjonalbiblioteket opprettar eit eige Fosse-arkiv. I løpet av 2021 fekk Nasjonalbiblioteket i alt 28 boksar med privatarkivmateriale frå Jon Fosse. Materialet blei tidlegare oppbevart ved Nynorsk kultursentrum, som lenge arbeidde for å etablere eit permanent Fosse-arkiv

Arkivet omfattar alt frå brev, notat og manuskript til klipparkiv, fotografi, kassettar, CD-ar og videoar. I tid strekker det seg frå då Fosse fekk sitt første innlegg på trykk i Norsk Barneblad i 1973, heilt fram til i dag.

Her kan du sjå nokre eksempel: Jon Fosse-manuset som forsvann

Jon Fosse ser på klipparkiv på Nasjonalbiblioteket
Foto: Gorm K. Gaare / Gorm K. Gaare

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.