Hopp til innhold

Fleire forfattarar treng vern

Ytringsfridomen har globalt sett fått verre kår i løpet av 2008. Det meiner Anders Heger, som er leiar i den norske ytringsfridomsklubben P.E.N.

Anders Heger

Anders Heger taler på eitårsmarkeringa av drapet på den russiske journalisten Anna Politkovskaja.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

- Det er alt frå vitskapsjournalistar som truar den rådande sanninga i samfunnet dei lever i, til klart uttalte politiske forfattarar, poetar og bloggarar. Felles for dei er at dei truar den rådande politiske sanninga der dei bur, seier Heger.

Verre i Kina

Det er vanskeleg å vite nøyaktig kor mange forfattarar som vert trakasserte, forfølgde eller fengsla. Dei gjeldande statistikkane har ifølgje Heger store mørketal, men han ser klare trendar i kvar det er verst.

- I delar av Afrika og Sør-Amerika går det betre, mens det er ei klar forverring i Midtausten og Sentral-Asia. Olympiaden i Kina har ikkje gjort situasjonen der betre, men verre.

Ni fribyar i Noreg

Fribyforfattarar er forfølgde forfattarar som for ein periode får opphald i fribyar verda rundt, slik at dei kan skrive og leve der.

Helge Lunde er leiar for ICORN i Stavanger, det lokale sekretariatet for det internasjonale nettverket av fribyar. Dette består av i overkant 20 byar som har sagt seg villige til å huse forfølgde forfattarar og journalistar. Ni av desse byane er i Noreg.

- Vi merkar aukande pågang av forfattarar som treng ein fristad, som treng fred og ro for å få produsere. Vi har no så mange som 30 til 35 forfattarar som er på venteliste, seier Lunde til NRK Kulturnytt.

Vil vokse seg stor

I takt med at fleire forfattarar ønskjer opphald i dei internasjonale fribyane, er også pågangen sterkt aukande frå byar som vil ta i mot dei og bli fribyar, seier Helge Lunde i nettverket. I tillegg knyter dei i desse dagar tettare band til ein søsterorganisasjon i USA.

- Målet er at nettverket skal bli så omfattande at vi kan gi eit tilbod til flest mogleg og at forfattarane skal tørre ta fleire sjansar enn dei torde tidlegare, seier Lunde.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters