Hopp til innhold

Fenomenet Mia Berner (1923 - 2009)

Mia Berner var eit fenomen. Ikkje eit naturfenomen - forresten kanskje det også - men først og fremst eit kulturfenomen, djupt forankra i europeisk filosofi og litteratur som ho var. Ho var forfattar, filosof, sosiolog og omsetjar. For nokon dagar siden døydde ho, 86 år gammal.

Mia Berner

Mia Berner deltok på Aschehougs tradisjonsrike hagefest i Oslo i august.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Ho hadde ei skarp tunge som var direkte kopla til ein uvanleg skarp hjerne. Heldigvis for alle fanst det også ei kopling til eit raust og varmt hjarte.

Mia Berner budde det meste av sitt vaksne liv i Sverige, der ho underviste i sosiologi og forfatta fagbøker og artiklar. Sjølv om bøker om ”termer, begreper og definisjoner” sikkert er glimrande og peikar bakover til samarbeidet med filosofen Arne Næss om logikken, er det ikkje det ho blir hugsa for, i alle fall ikkje her i Norge. Her vil vi sakne kulturfenomenet; den sanselege, rause, vittige kritiske intellektuelle som kunne gje løft til debatten og farge til det gråaste seminar.

Raudkledd

Den alltid raudkledde, omfangsrike kvinna byrja å dukke opp på festivalar og anna på 90-talet. Nokon kunne fortelje at ho var enka etter den store finske forfattaren Pentti Saarikoski, og at ho, då han døydde, skreiv boka PS. Anteckningar från et sorgeår og kledde seg i raudt for å halde tungsinnet borte.

I ein alder av nærmare 80, med dårleg hofte og høyreapparat,- raudt, sjølvsagt- flytta ho tilbake til Norge. For mange ville det ha slutta her. Men Mia Berner meldte seg på, stilte opp og retta relevante kommentarar og spørsmål i aviser, på debattmøte, skreiv bok. Slik skaffa ho seg vener, mange vener, eg er ein av dei.

Ein ny ven

Men det ville vere gale å seie at ho heldt hoff, ho var på sitt beste på tomannshand. Kanskje fordi ho var tunghøyrt, kanskje fordi dette er den beste sjangeren dersom ein vil prøve å kome fram til djupare og meir presise innsikter.

Det er ikkje ein gammal ven som skal gravleggast i morgon. Det er ein ny og svært ung ven, sjølv om kroppen og erfaringane sa noko anna. Eg veit det ikkje, men eg ville ikkje vore overraska om Mia Berner gjer sin aller siste entré i raud kiste. Det hadde vore likt henne, å tenkje på dei viktige detaljane heilt fram til grava.

Eit utval av Mia Berners bøker::

Norske:
Fordi det er slikt jeg ror. Historier (2005)


Svenske:
Galjonsfigurer (1987)

Makrillgarn (1988)

Österut (1990)- trilogi

PS. Anteckningar från et sorgeår (1985)

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters