NRK Meny

Et rom med utsikt

Den britiske overklassen med alle sine ritual og distinksjonar, er som skreddarsydd for romansjangeren, meiner vår kritikar etter å ha lese ”Et rom med utsikt”.

Artikkelen er flere år gammel.

Klassikarar som ”Howards end” og ”A room with a view” er no kanskje mest kjente som filmar. Men opphavet til filmane er romanar av E.M. Forster, og i desse dagar kjem ”Et rom med utsikt” ut på norsk, 99 år etter at den kom ut på engelsk.

Sinnrikt system

Den britiske overklassen har ikkje berre hatt jordeigedommar og pengar, dei har også hatt tid, uendelege mengder med tid. Og den tida har dei brukt til å lage eit sinnrikt system av spelereglar og distinksjonar som gjer klassereiser til ein komplisert affære.

Det er rett og slett uråd å lære seg reglane, du må vere fødd inn i systemet. Alternativet for utanforståande er å bli nådig akseptert som venlegsinna inntrengarar.

Et rom med utsikt

E. M. Forster: 'Et rom med utsikt', oversatt av Kirsti Øvergaard. Historie & Kultur 2007

Kyss blir skandale

Etter ein oppvekst i eit slikt overfølsomt miljø, skal det ikkje store sprell til før skandalen er eit faktum. Det går faktisk an å lage eit melodrama der eit spontant, men ureglementert kyss er sjølve klimakset. Og det er akkurat det E. M. Forster har gjort i romanen ”Et rom med utsikt”.

Det går også an å hevde at dette enorme kunnskapsfeltet om oppførsel og språkføring er ei skattekiste for britiske romanforfattarar. Slik går det ei tydeleg linje frå Jane Austen på 1800-talet, via E. M. Forster på 1900-talet og til Zadie Smith på 2000-talet.

Romantikk i Italia

Hovudpersonen i ”Et rom med utsikt” frå 1908 er Lucy Honeychurch, ei ung overklassekvinne i gifteferdig alder. Det er venta av henne at ho skal gifte seg litt oppover, og den perfekte friar, Cecil, melder seg og får ja. Men slikt blir det ingen roman av.

Det er her George, ein mann frå enklare kår og med sosialistsympatiar kjem inn og kysser Lucy. Dette skjer til alt overmål i det varme og vakre Italia, langt borte frå våt tåke og puritansk tedrikking i England. Og Lucy blir pressa til å sjå seg og sitt frå utsida.

"Sansene åpner seg"

”Livet var så langt hun tenkte over det, en krets av rike, omgjengelige mennesker med de samme interesser og de samme fiender. Innenfor denne kretsen tenkte man, giftet seg og døde. Utenfor var det fattigdom og tarvelighet som alltid forsøkte å trenge inn, slik londontåken prøver å trenge inn i furuskogene, kommer drivende gjennom kløftene i åsene mot nord.

Men i Italia, der enhver som ønsker det kan varme seg i likheten så vel som i solen, forsvant denne forestillingen om livet. Sansene hennes åpnet seg; hun følte at det ikke fantes noen hun ikke kunne komme til å like, de sosiale barrierene var utvilsomt urokkelige, men ikke særlig høye.” (s 139)

Satirisk spøkefullt

George eller Cecil? Spørsmålet er mindre akutt enn eit anna spørsmål, nemleg dette: Er det verkeleg bryet verdt i vår tid å lese om ekteskapskvalene til ei ganske alminneleg, passe rik britisk kvinne for 100 år sidan? Om sladrete naboar, kyniske londensarar og eksotiske reiser til det fjerne Italia?

Svaret er ja, i alle fall når det gjeld denne boka. Ikkje fordi tematikken er så ekstemt fengande, men fordi Forster har elegante formuleringar og presise karakteristikkar som ligg og bikkar mellom det satiriske og det spøkefulle.

Dei fleste vil more seg over den brodden han har både mot moralistar og snobbar, og dei som ikkje berre er ute etter å ha det moro, kan også falle i tankar over distinksjonar og utstøytingsmekanismar i sitt eige miljø.

”Et rom med utsikt” er omsett til norsk av Kirsti Øvergaard.