Kulturstrøm

  • Norsk dokumentarfilm vann gjev pris

    Den norsk-iransk-sveitsiske dokumentarfilmen «Radiograph of a Family», regissert av Firouzeh Khosrovani, vann torsdag kveld hovudprisen på dokumentarfilmfestivalen IDFA i Amsterdam. Dokumentaren vann også prisen for best bruk av arkivmateriale.

  • Hessen får to Brageprisar

    Forfattar og biolog Dag O. Hessen får torsdag Brages heiderspris for 2020. Han får også Brageprisen for sakprosa for boka «Verden på vippepunktet», som tek for seg dagens situasjon knytt til klimaendringane og kva konsekvensane av dei kan bli.

    Dag. O Hessen med to Brageprisar.
    Foto: Linda Marie Vedeler / NRK
  • Får Brageprisen etter sin død

    Beate Grimsrud er torsdag kveld tildelt årets Bragepris posthumt for romanen «Jeg foreslår at vi våkner», ifølge NTB. Boka kom ut berre tre månader før forfattaren døydde 1. juli i år etter ei periode med sjukdom, berre 57 år gammal.