Ulf Erik Knudsen i Framstegspartiet meiner at ein forfattar framleis skal få pengar for teksten sin på internett, men berre så lenge han merkar tydeleg at teksten er beskytta materiale.
Denne presiseringa kjem etter lang tids forvirring om den nye åndsverklova. Politikarar og utøvarar har krangla høglytt om kva følgjer lova som skal beskytta åndsverk kjem til å få.
Fritt fram
Den omstridde åndsverklova blir endeleg vedteken i Stortinget i morgon. Då kjem altså fleirtalet i kulturkomiteen, Ap, Sv, Frp og Senterpartiet, til å endra det mest omstridde punktet i lovforslaget.
Utøvarane har tolka at det er fritt fram for at kommunar kan forsyna seg seg gratis av filmar, musikk og tekster på internett.
Lengre
Ei presisering frå stortingspolitikarane er difor heilt naudsynt. Det seier fyrsteamanuensis i juss ved Universitetet i Bergen, Knut Martin Tande, som har doktorgrad i opphavsrett.
- Mange meiner at Internett er eit temmeleg fritt medium der ein kan fritt bruke det som ligg der. Det som blir oppfatta som rimeleg fra brukarane si side kan gå lenger enn det opphavspersonen gjer.
Kulturnytt, NRK P2, 3. juni 2005