Hopp til innhold

Tre norske forfattarar nominert til Nordisk råds litteraturpris

Poetane Eldrid Lunden og Inga Ravna Eira og biografiforfattaren Jan Grue er Noregs nominerte til Nordisk råds litteraturpris.

Jan Grue

Jan Grue er ein av tre nordmenn som er nominert til årets Nordisk råds litteraturpris. Han har skrive ein sjølvbiografi om korleis det er å vere familiefar med yrkeskarriere når du samtidig har ein medfødd muskelsjukdom og er rullestolbrukar. I tillegg er Eldrid Lunden og Inga Ravna Eira nominerte til prisen.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Det er dei nasjonale medlemmane i bedømmingskomiteen for Nordisk råds litteraturpris som nominerer bøkene til Nordisk råds litteraturpris 2019. Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island melder kvart år inn to kandidatar til prisen. I tillegg melder Grønland, Åland og det samiske språkområdet inn eitt verk kvar.

Dei norske nominerte i år er Eldrid Lunden nominert for diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid» og Jan Grue for sjølvbiografien «Jeg lever et liv som ligner deres. En levnetsbeskrivelse».

I tillegg er også Inga Ravna Eira, som er nominert frå det samiske språkområdet med diktsamlinga «Ii dát leat dat eana», også norsk.

Tileigna mannen

Eldrid Lunden

Eldrid Lunden er nominert til Nordisk råds litteraturpris for sine kalenderdikt ho skreiv over ein periode på fire år etter at ektemannen hennar gjennom 20 år døydde i 2014.

Foto: Cato Lein / Aschehoug forlag

Eldrid Lunden har debuterte i 1968, og har gjeve ut ei rekke diktsamlingar og essaysamlingar. Ho har blant anna fått Brageprisens heiderspris. Ho var Noregs første professor i skjønnlitterær skrivekunst.

Diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid» er tileigna ektemannen hennar som døydde i 2014. Diktsamlinga er skrive i det som har fått sjangernemninga kalenderdikt.

Jan Grue er professor ved Universitetet i Oslo, og har sidan 2010 skrive både noveller, barnebøker, roman og fagbøker. «Jeg lever et liv som ligner deres. En levnetsbeskrivelse» er ein sjølvbiografi om korleis det er å leve som familiefar med yrkeskarriere, når du samtidig har ein medfødt muskelsjukdom og er rullestolbrukar.

Klimaendringar

Inga Ravna Eira

Lyrikaren Inga Ravna Eira er nominert til Nordisk råds litteraturpris for ei diktsamling som tek opp klimaendringar.

Foto: Michal Aase / Davvi Girji

Også frå det samiske språkområdet er det nominert ein diktar frå Noreg. Inga Ravna Eira er forfattar, lærar og omsetjar, og bur i Karasjok. Ho skriv på nordsamisk og har gjeve ut lyrikk, noveller og barnebøker.

Ho er nominert for diktsamlinga «Ii dát leat dat eana» (Dette er ikkje den jorda), som har klimaendringar som tema. I nominasjonen blir det trekt fram at ho har eit stort ordforråd og brukar ein klimaterminologi som er i ferd med å forsvinne frå moderne samisk språk.

Flest svenskar

Nordisk råds litteraturpris er delt ut kvart år sidan 1962. Prisen går til eit litterært verk som er skrive på eitt av dei nordiske språka. Målet er å auke interessa for den nordiske litteraturen.

Sverige har vunne prisen flest gongar. 16 svenske forfattarar har sidan 1962 fått prisen. Tarjei Vesaas var den første norske forfattaren i 1964. Seinare har ti andre nordmenn også kome på lista over vinnarar. Siste norske vinnar var Jon Fosse i 2015.

Også Danmark har 11 prisvinnarar, medan Finland har ti og Island åtte. Færøyane har to forfattarar som har vunne Nordisk råds litteraturpris.

Årets vinnar blir presentert 29. oktober i samband med Nordisk råds sesjon i Stockholm. Vinnaren får prisstatuetten «Nordlys» og 350.000 danske kroner.

Alle dei nominerte

Danmark

  • «Efter Solen» av Jonas Eika. Noveller, Basilisk, 2018.
  • «de av» Helle Helle. Roman, Rosinante, 2018.

Finland

  • «Tristania» av Marianna Kurtto. Roman, WSOY, 2017.
  • «Där musiken började» av Lars Sund. Roman, Förlaget, 2018.

Grønland

  • «Arpaatit qaqortut» av Pivinnguaq Mørch. Noveller og dikt, Milik Publishing, 2015.

Island

  • «Elín, ýmislegt» av Kristín Eiríksdóttir. Roman, Forlagið, 2017.
  • «Kóngulær í sýningargluggum» av Kristín Ómarsdóttir. Diktsamling, Forlagið, 2017.

Noreg

  • «Det er berre eit spørsmål om tid» av Eldrid Lunden. Diktsamling, Aschehoug forlag, 2018
  • «Jeg lever et liv som ligner deres. En levnetsbeskrivelse» av Jan Grue. Selvbiografi, Gyldendal, 2018

Det samiske språkområdet

  • «Ii dát leat dat eana» av Inga Ravna Eira. Diktsamling, Davvi Girji, 2018.

Sverige

  • «Nonsensprinsessans dagbok. En sjukskrivning» av Isabella Nilsson. Diktsamling, Ellenstöms, 2018
  • «Människan är den vackraste staden» av Sami Said. Roman, Natur & Kultur, 2018.

Åland

«Det finns inga monster» av Liselott Willén. Roman, Albert Bonniers förlag, 2017.

Ta quizen: Kva veit du om norske forfattarar

1/12 Frå Sandefjord

Kva heiter forfattaren frå Sandefjord som har hatt suksess med romanar som «Arild Asnes, 1970», «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» og «T. Singer»?

2/12 Nobelprisvinnar

Kva for ein norsk forfattar fekk Nobelprisen i 1928, og er spesielt kjent for trilogien om Kristin Lavransdatter?

3/12 Krimforfattar

Kva for ein tidlegare journalist debuterte som forfattar i 2002, og har mellom anna gitt ut krimromanar som «Mormor danset i regnet» og «Jenta som sluttet å snakke»?

4/12 Bok om band

Lars Saabye Christensen
Foto: Olav Døvik / NRK

Lars Saabye Christensen slo gjennom som forfattar med ein roman med same tittel som eit kjent britisk band. Kven snakkar vi om?

5/12 Allsidig forfattar

Kva for ein forfattar som døydde i 2018 skreiv ein serie på seks bøker om norske krigsseglarar, i tillegg til å ha gitt ut fem bøker om fotball-VM saman med Dag Solstad?

6/12 Frode Grytten

Frode Grytten
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

I fleire av romanane og novellene til Frode Grytten tek han utgangspunkt i sin eigen heimstad. Men kvar er han frå?

7/12 Ragde

Anne B. Ragde på Svalbard
Foto: Siss Vik / NRK

Kva for ein av desse prisane vann Anne B. Ragde i 2006?

8/12 Elling

Filmen Elling
Foto: Borgen, Ørn E. / NTB scanpix

Kven skreiv dei fire bøkene om Elling, som også enda i tre spelefilmar som kom mellom 2001 og 2005?

9/12 I regjering

Anne Holt
Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix

Anne Holt er kanskje mest kjent som krimforfattar, men kva var ho statsråd for i Thorbjørn Jagland si regjering i 1996 og 1997?

10/12 Nordisk råds litteraturpris

Kven var den siste nordmannen som vann Nordisk råds litteraturpris?

11/12 Knausgård

Knausen
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Karl Ove Knausgård gjorde knallsuksess med dei seks binda i «Min kamp»-serien. Men i kva to byar vaks Knausgård opp?

12/12 Knut Hamsun

Knut Hamsun
Foto: Nasjonalbiblioteket

Mange held Knut Hamsun som tidenes beste norske forfattar. Han vann Nobelprisen i litteratur i 1920, og har skrive bøker som «Pan», «Sult» og «Markens grøde». Men kva heitte den aller siste boka til Hamsun, som han gav ut som 90-åring i 1949?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor