Dyreparken i Kristiansand har over 100 ulike dyreslag frå heile verda. Her er alt frå sauer og geiter til kamelar og apekattar. Til saman bur det nesten 800 dyr i dyreparken, og ikkje alle tåler kulda like godt.
Ingrid Alexandra kosar seg om vinteren.
Ulike naboar
Dei fem sibirske tigrane i Kristiansand er i sitt ess når kulda sig innover landet. Tigrane vert meir aktive, og likar vinteren mykje betre enn sommaren. Dei går ute heile året, og tåler faktisk temperaturar ned mot 50 minusgrader.
Med naboane, orangutangane Sol og Matu, er det stikk motsatt. Dei kjem frå varmare strøk og må halde seg innandørs når kulda kjem. Dei kom til dyreparken i mai, og skal snart oppleve sin fyrste norske vinter.
For at orangutangane ikkje skal bli deprimerte og apatiske av innelivet må dei aktiviserast i vintermånadane, og det er dyrepassar Hans Petter Westnes si oppgåve.
Eg får bli med inn i buret til Sol, og medan Sol prøver å bruke meg som klatrestativ, gøymer Hans Petter vekk nokre godsaker. Sol veit kvar dei er, men når det blir ei utfordring å finne gulrøtene smakar dei ekstra godt.
Georg på glattisen
Avdelinga 'Mitt Afrika' ser ut som nettopp eit lite stykke Afrika. Her går giraffen Georg saman med både gnuar, sebraer og antilopar. Men går dei afrikanske dyra ute om vinteren?
Dagmar Blaasvær filmar når giraffen Georg får mat av Gøril og dyrepassar Åse Sundbø.
Javisst! Så lenge det ikkje er alt for kaldt slepp dei ut nokre timar kvar dag. Unntaket for Georg og dei to damene hans er dagar med snø og is på bakken. Giraff-føter er ikkje skapt for glatt underlag, og berre tenk kor lang ein giraff-lårhals er!
Dyrepassar Åse Sundbø og Gøril helser på lemurane.
Kjekt sommar som vinter
Kontrasten er stor mellom sommar og vinter i dyreparken. Kvart år kjem over ein halv milion besøkande, og dei aller fleste kjem om sommaren. Berre i juli i år vitja 300 000 gjester dyreparken. I høgsesongen er dei 550 tilsette, resten av året er dei berre 43 på lønningslista. Dyrepassar Åse Sundbø har jobba i dyreparken i 18 år, og ho likar sommaren like godt som vinteren. Det er kjekt når gjestene strøymer til etter ein lang og roleg vinter, og etter dei hektiske sommarmånadene er det godt å kunne roe seg ned litt.
Lemurane frå Madagaskar er ein livleg gjeng. Dei kravlar både rundt meg og på meg og snappar banan og eplebitar ut av hendene mine. Dei kan gå ut så ofte dei vil, men held seg som regel inne når det er kaldt. Men så fort sola kjem fram spring dei ut og strekkjer seg så lange dei er for å nyte solstrålane.
Ein freidig lemur finn seg godt tilrette på skuldra mi. Kjensla av å ha dette fantastiske dyret så nær er vanskeleg å skildre. Eg får lyst til å bli ein heil vinter i dyreparken.