Hopp til innhold

Droppar musikklinja for å øve

Instrumenttalent vel allmennfag på vidaregåande - for å få tid til å øve.

Pianospilling
Foto: Gwenael KNICHEL / MAXPPP

- Eg har valt å søkje meg inn på allmenne fag til hausten, fordi eg vil få meir tid til å øve. Eg vil spele, ikkje danse, syngje og dramatisere.

Andreas Lamo fra Stavanger øvar kvar dag, og går på laurdagsskule i kulturskulen - eit opplegg for dei med særleg talent.

Men han vil ikkje søkje seg til den studieretninga som er berekna på musikkinteresserte ungdommar.

For på musikk-, dans- og drama- i den vidaregåande skulen nyttar elevane mykje av fritida til å lage forestillingar og musikalar, og i skuletida har dei rundt 400 fleire undervisingstimar i løpet av tre år, enn det elevane på allmenne fag har.

Mindre fritid enn andre elevar

Lundehaugen videregåande i Sandnes er størst i landet på dette studiet, og Ane Haukland er avgangselev med fiolin som instrument.

- Det hadde jo vore greitt å ha meir tid til å øve på hovudinstrumentet vårt. Vi har berre førti minutt - det burde vere åtti i alle fall. Og så har vi ein del ekstraarbeid, og mindre fritid enn andre elevar.

No syner det seg at halvparten av studentane som kjem inn på Norges Musikkhøgskole slett ikkje har bakgrunn fra musikk, dans og drama i vidaregående - men dei er like flinke.

Svekkar klassisk musikk

Eit utval frå kulturskulane og den høgare musikkutdanninga i Norge meiner at dei vidaregåande skulane må lokke musikktalenta attende der dei høyrer heime.

Eirik Birkeland

Eirik Birkeland, rektor ved Norges Musikkhøgskole.

Foto: Norges Musikkhøgskole

Rektor Eirik Birkeland ved Norges Musikkhøgskole, meiner svaret er opptaksprøve, færre timar og mindre undervising i musikkteori.

- Mitt inntrykk er at om den klassiske utdanninga ikkje er godt nok, vil den bli fortrengt av andre sjangrar med meir trøkk i.

- Men dette skal jo vere eit studieførebuande tilbod for alle - blir det ikkje då feil om klassisk musikk skal få eit fortrinn?

- Det er ikkje snakk om å fortrenge verken dans, drama eller rock. Men vi må oppretthalde ein kulturtradisjon, og i den samanheng betyr klassisk musikk mykje.

- Musikklinja skal vere for alle

Men rektor på Lundehaugen videregående, Mats Bryne, seier at musikk, dans og drama må dyrke breidden.

- Ein skal gje alle elevane som vel dette eit godt utgangspunkt vidare, både dei som vil studerer scenekunst, og det store fleirtalet som nyttar det dei får med seg frå musikklinja til andre studieretningar.

Musikkhøgskulerektor Eirik Birkeland trur likevel at fagtilbodet må bli spissa, dersom det skal hjelpe fram talenta.

- Dette er jo utdanningar som skal vere kvalifiserande for høgare musikkutdanning, ikkje berre allmenndannande. Og vi kan ikkje sjå at musikklinja i dag fungerer særleg studieførebuande.

  • Bør musikklinja bli proffare? Sei di meining!

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters