Bassist Arvid Aalen i DEW (Distant Early Warning) blir litt satt ut i det P1 demo ringer for å gratulere som måndagens låt.
- Så vanvittig artig. Nei dette var stort. Akkurat det vi hadde håpa på. Vi har gått og venta på å fleire signal som kan fortelje oss at vi har noko som er verdt å satse på.
Gjennombrot i Østfold
Erik Bakk, Arvid Aalen, Harald Galåen, Birger Lie og Knut Andresen er frå Oslo. I alderen frå 26-32 år er dei kanskje ikkje ideale for plateselskapa.
- Nei vi er nok ikkje det. Hadde vi vore 10 år yngre hadde vi kanskje vore meir attraktive. Vi blir nok aldri eit imageband. Vi satsar heller på at musikken skal vere steinbra, forklarer vokalist Erik Bakk.
Sjølv om alle er frå Oslo har dei fleste oppdraga vore i Østfold. Bassist Arvid bur på Kråkerøy og har såleis knytte kontaktar til musikkmiljøet i fylket. Bandet har fleire gongar haldt konsertar i Fredrikstad, og så smått byrja å surre i ulike lokalradioar.
Ventar med plateselskap
Historia om DEW startar for eit par år sidan. Bassist Arvid Aalen og vokalist Erik Bakk er kompisar og vil lage eit eige band. Etter kvart finn dei Harald Galåen på keyboards og Knut Andresen på trommer.
- Sistemann Birger Lie på gitar, kom faktisk ikkje med før i sommar, seier Erik.
I haust gjekk bandet i Moss lydstudio med ein haug av låtar. Etter intens arbeid blei resultatet ein EP med 4 melodiar.
- Me har ikkje sendt den til noko plateselskap endå. Det har litt med timinga å gjere. Me må prøve oss ut, bli samspelte og vil vente til me er 100 prosent klare. P1 demo er eit kjempesteg i rett retning.
Alle er komponistar
-Vår styrke er at alle i bandet lagar eigne melodiar. Dei fleste har også sine musikalske førebilete. Det gjer at me kan sette saman eit eige utrykk, som eg trur at folk vil kjenne oss igjen på.
- Ja kva høyrer de på ?
- Eg høyrer ein del på U2, Nick Cave og Elvis. Bassist Arvid er fan av Sting, medan nokon av dei andre lyttar meir på typiske 80 tals band. Me får litt av kvart, vår eigen stil.
- Og målet er sjølvsagt å vere fulltidsmusikar ?
- Ja det drøymer alle om. Eg har ein sterk draum om det. Eg veit me har noko å gi, hevdar Erik.
Av Øyvind Haram
På nett av Roy Strømsnes