Hopp til innhold

Dei kjempar om å bli Virtuos 2016

To fiolinistar, ein trompetist, og ein bratsjist. Dei er alle under 19 år gamle, og dei kjempar om sigeren i NRK sin konkurranse Virtuos.

Inga Våga Gaustad, Michael Andreas Grolid, Trond Sagbakken, og Ludvig Gudim er finalistar i Virtuos 2016.

SJÅ VIDEO: Trond Sagbakken på trompet, Inga Våga Gaustad på fiolin, Michael Andreas Grolid på bratsj og Ludvig Gudim på fiolin er finalistar i Virtuos 2016.

Finalistar Virtuos 2016

VIDARE: Inga Våga Gaustad, Michael Andreas Grolid, Ludvig Gudim, og Trond Sagbakken er vidare i finalen i Virtuos 2016.

Foto: Henning Gulli / NRK

Annakvart år blir NRK sin solistkonkurranse Virtuos arrangert for unge klassiske instrumentalistar.

Vinnaren av dei fire får Den Norske Solistpris på 100.000 kroner, og blir Noreg sin kandidat i Eurovisjonens internasjonale konkurranse Eurovision Young Musicians i Köln i september.

  • SJÅ VIDEO OM DELTAKARANE ØVST I SAKA.

Dei som har sjanse til å bli Virtuos 2016 er:

Trond Sagbakken (17) – trompet

Trond Sagbakken

FINALIST: Trond Sagbakken på trompet er finalist i Virtuos 2016. Han har som mål om å ein gong få ein fast jobb i eit orkester.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Trond fekk sin første trompet då han var tre år gamal, og han studerer no 1. bachelor klassisk utøvande trompet på høgskulen på Barratt Due musikkinstitutt.

– Målet er å få ein fast jobb i eit orkester, og spele symfoniar og slikt. Men, eg har lyst å bli solist også, seier Trond.

Han seier sjølv at musikken betyr alt for han.

– Eg elskar musikk, både å spele sjølv, og å høyre på musikk. Eg likar også å arrangere musikk for ensemble og orkester. Med musikk formidlar eg kjensler og historier. Musikk seier meir enn ord.

SJÅ TROND SPELE:

Trond Sagbakken (17) på trompet, i semifinalen Virtuos 2016.

SJÅ VIDEO: Trond Sagbakken speler i semifinalen 2016.

Inga Våga Gaustad (17) – fiolin

Inga Våga Gaustad

FINALIST: Inga Våga Gaustad på fiolin er finalist i Virtuos 2016. Ho har er spesielt glad i tangomusikk.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Inga bur på Nesoddtangen, Akershus, og byrja å spele fiolin då ho var sju år gamal. Ho går no på Edvard Munch vidaregåande skole, i samarbeid med Barratt Due musikkinstitutt, og seier sjølv at musikk alltid har vore veldig viktig for ho.

– Eg likar veldig mykje forskjellig musikk, og likar like godt å spele kammermusikk som solostoff. I tillegg til klassisk, har eg heilt sidan eg var ganske liten vore spesielt glad i tango, seier Inga.

– Eg opplever at musikk vekker noko spesielt i oss, forsterkar kjenslene og uttrykker dei på ein måte som ord ikkje er i stand til.

SJÅ INGA SPELE:

Inga Våga Gaustad (17) på fiolin, i semifinalen Virtuos 2016.

SJÅ VIDEO: Inga Våga Gaustad speler i semifinalen i Virtuos 2016.

Ludvig Gudim (17) – fiolin

Ludvig Gudim

FINALIST: Ludvig Gudim på fiolin er finalist i Virtuos 2016. Han veit ikkje kva han hadde vore utan musikken.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ludvig er frå Ås i Akershus. Han har spelt fiolin i sidan han var fire og eit halvt år gamal, og går på Edvard Munch vidaregåande skole.

Han synest det er vanskeleg å skildre forholdet han har til musikk.

– Eg veit ikkje kvar eg hadde vore utan, og det er ikkje noko eg har meir lyst til enn å spele musikk, seier Ludvig.

– Draumen er å kunne leve av musikken, og spele både kammermusikk, i orkester og som solist.

SJÅ LUDVIG SPELE:

Ludvig Gudim (17) på fiolin, i semfinalen Virtuos 2016.

SJÅ VIDEO: Ludvig Gudim speler i semifinalen i Virtuos.

Michael Andreas Grolid (18) – bratsj

Michael Andreas Grolid

FINALIST: Michael Andreas Grolid på bratsj er finalist i Virtuos 2016. Han byrja å spele bratsj då kvartetten han spelte i trong nettopp ein bratsjist.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Michael er frå Ås, og tar bachelorgrad på Barratt Due musikkinstitutt. Han har spelt fiolin frå han var sju år gamal, men enda opp med å spele bratsj då kvartetten han spelte i mangla nettopp ein bratsjist.

– Musikken har vore med meg heile livet, og er det eg ynskjer å satse på. Det å komme på innsida av musikken, og gjennom det forstå struktur og verkemiddel komponistane har brukt, er ein av hovudgrunnane til at eg ynskjer å bli musikar, seier Michael.

– Det er så vanvitig mykje flott musikk som eg ynskjer å spele, få eit eige forhold til og gjere til mitt eige.

SJÅ MICHAEL SPELE:

Michael Andreas Grolid (18) på bratsj, i semifinalen Virtuos 2016.

SJÅ VIDEO: Michael Andreas Grolid speler i semifinalen i Virtuos 2016.

  • Finalen i Virtuos 2016 går av stabelen laurdag 19. mars, og blir sendt direkte på NRK1 og NRK P2.

SJÅ SEMIFINALEN:

Annethvert år arrangeres NRKs solistkonkurranse Virtuos for unge klassiske instrumentalister. Vinneren får Den norske solistpris på kr 100.000,- og blir Norges kandidat i Eurovisjonens internasjonale konkurranse Young Musicians i Køln i september. Den som vinner får også solistoppdrag med Kringkastingsorkestret. Åtte kandidater har kvalifisert seg til semifinalen hvor de konkurrerer om fire finaleplasser. I juryen sitter bratsjist Juliet Jopling, klarinettist Andreas Sundén, direktør for Oslo-filharmonien Ingrid Røynesdal og juryleder Arild Erikstad. Programleder er Tine Thing Helseth.

SJÅ SEMIFINALEN: Sjå alle semifinalistane under semifinalen i Virtuos 2016. På bilete er, frå venstre: Inga Våga Gaustad, Michael Andreas Grolid, Ludvig Gudim, Trond Sagbakken, Frida Siegrist Oliver, Annie Eline Lundgreen, Vivian Louise Tsui, og Nhi Phuong Do.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters