Hopp til innhold

Bryt med Nasjonalbiblioteket

Den private kunstsamlaren Martin Schøyen bryt samarbeidet med Nasjonalbiblioteket.

Martin Schøyen
Foto: Scanpix

Nasjonalbiblioteket har tidlegare fått skarp kritikk for samarbeidet.

Omstridd samling

Den omstridde samlinga til Martin Schøyen er truleg verdas største private skriftsamling. Samlinga er omstridd grunna usikker eigarhistorie til fleire av gjenstandene, og uvisse om korleis skriftene har hamna i Noreg.

Schøyen har blitt knytta til internasjonal kunstkriminalitet og har mellom anna tidlegare blitt nødt til å levere tilbake nokre buddhistiske skrifter frå samlinga si til Pakistan, som har svært strenge lover mot plyndring og smugling av gamle kunstskattar. Dette var blant avsløringane som kom fram i to NRK Brennpunkt-dokumentarar i 2004.

Kan ha vore kvitvasking

Nasjonalbiblioteket

Samarbeidet mellom Schøyen og Nasjonalbiblioteket har gått ut på at Biblioteket har publisert eit utval av samlinga til Schøyen på nettsidene sine. Dette har dei gjort heilt utan å ta ansvar for eigarhistorikken til gjenstandene i samlinga, men sagt at dette er opp til Schøyen å dokumentere. Fleire forskarar har peika på at Nasjonalbiblioteket slik kan ha vore med på å kvitvaske kunstkriminalitet.

Særleg sterk var kritikken for to år sidan, da det vart avslørt at Schøyen-samlingen inneheldt tjuvegods.

Til NRK konstaterer nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein at grunnlaget for samarbeid ikkje lenger er til stades, og seier det er uproblematisk at det no tek slutt.

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB