Hopp til innhold
Kommentar

Vått krut i den norske kanon

Når saganatta senker drømme på vår jord blir folket forvirra. Frå professoralt hald blir det meldt om samanbrot i fellesskapen mellom klassikarane og folket. Mon det.

Therese Johaug i Tour de Ski

Det er ikkje lenger Ibsen som limer oss saman, det er sportsheltane, meiner litteraturprofessor Jon Haarberg.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Har du innimellom tenkt at du kjenner for lite til dei norske klassikarane i litteraturen, slike som Petter Dass, Henrik Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og alle dei andre? Har du tenkt at dei høyrer med i det norskingar skal ha i bagasjen? Gløym det. Desse døde forfattarane er ikkje viktigare enn andre forfattarar, dei var berre så veldig heldige med fødselsår og derfor har dei blitt ståande som søylene den norske identiteten er bygd på. Ikkje ein kjeft forstår kva «den saganatt som senker» er for noko i våre dagar. Saganatt? Gløym det.

Det er ikkje eg som seier dette, det er Jon Haarberg, litteraturprofessor. Og han seier det ikkje akkurat sånn, men nesten. I boka «Nei, vi elsker ikke lenger», knuser han ideen om ein nasjonallitteratur og han gjer det med bravur men også med vemod.

Kraftpatriotisme og komikk

Boka formeleg tryglar om protestar. Dei kjem, men først nokre sonderingar.

For nasjonallitteraturen inneheld mykje rart. Det hadde seg jo slik at då Noreg skulle utvikle seg til ein eigen nasjonalstat på 1800-talet, var den norske litteraturen sjølve superlimet som skulle knyte landet saman og definere fellesskapet. Då tok ein det ein hadde frå før, som Petter Dass til dømes, ein kar som på ingen måte stod for sunne norske kjerneverdiar ifølgje Haarberg og det har han sikkert rett i.

Og så er det 1800-talet. At kraftpatriotiske høgdepunkt derifrå kan verke ufrivillig komiske, er det lett å henge med på. Denne litteraturen fortalde oss at i landet med den evige sne og dei gamle fjell i syningom budde det eit gjennombarka folkeferd på dei steinute strender. Der hadde dei bygd hytter og hus men ingen borge. Dei var sønner av Norge, kjempers fødeland og brukte stein til hodepute og sverd til våpen når mor Norge kalla til kamp. Alle var menn og alle var stridsdyktige. Allereie på 1890- talet skreiv litteraturhistorikaren Henrik Jæger at dei ivrigaste hadde lassa pegasusen sin så tungt at han slo seg heilt desperat.

Nei, vi elsker ikke lenger

Jon Haarberg knuser ideen om ein nasjonallitteratur i boka «Nei, vi elsker ikke lenger».

Postpatrioten Ibsen og nasjonal sportsånd

Men kva så med dei som kom litt etter og som hadde sans for meir komplekse spørsmål som tvangsekteskap, religiøs fanatisme og sjølvmord? Eg tenkjer på slike som Ibsen og Garborg og Hamsun og Skram. Desse hoppar Haarberg raskt over og dukkar ned i samtida, der han hevdar at sporten har teke den plassen litteraturen hadde før. Det er ikkje lenger Ibsen som limer oss saman, det er sportsheltane. Og eg ser jo parallellen mellom den nasjonale kraftpatriotismen og moderne idrettspoesi av typen: «Vi gir alt, alt for Norge, ofrer alt, når vi må». Og ekstasen når «vi» vinn, den er stor og den er ekte.

Men også sportsheltane er i ferd med å bli problematiske. Der det før heitte kvar var du då Oddvar Brå brakk staven, er det no meir aktuelt å spørje: Kvar var du då Therese Johaug fekk CAS-dommen? Sporten har blitt så full av dunkle løyndommar og kompliserte paradoks at vi treng ein roman som kan kaste lys over alle irrgangane.

At sporten har teke over rolla som det nasjonale limet, går altså an å diskutere.

Deregulering av klassikarane

Men Haarberg har fleire sterke kort på hand. Han viser korleis norske lesarar i løpet av ein liten generasjon nesten heilt har slutta med å lese klassikarar, no er det krim og utanlandsk underhaldningslitteratur som gjeld.

Han viser også at etter kunnskapsløftet i skulen for ein 10 års tid sidan droppa ideen om eit felles litteraturpensum er det mindre klassikarfokus i skulen.

Men høyr: Begge desse endringane er jo politiske. Litteratursosiologen Cecile Naper har dokumentert at det er ein latterleg klar samanheng mellom dereguleringa av bokmarknaden og endringa i lesevanar. Undersøkinga hennar bar den klingande tittelen «Frå mangfald til enfold» og var ein presis analyse over endringane i bokbransjen. Og endringane som kom med det såkalla kunnskapsløftet er så 2006 og arbeidet med ein ny plan er i full gang. Heller ikkje dette er det verdshjulet som styrer, det gjer til sjuande og sist norske politikarar.

Kongerekkja frå Blix til Nesbø

Jon Haarberg har gode poeng når han konkluderer med at dei forfattarane som har vore pensum for generasjonar av norske skulebarn, ikkje lenger kan fylle helterolla. No har kunnskap om eldre kulturuttrykk fått elitestempel, kulturen og ikkje minst kapitalen har blitt global, elevar skal oppnå kompetansemål og vi andre les krim. Heltane er døde i dobbel forstand og kongen siterer Tolkien og Nesbø når han talar på fjernsynet, mens far Olav køyrde Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og bestefar Haakon tydde til Bjørnson og Blix når han talte til landsmennene på radio.

Men høyr: sjølv om dei ikkje er heltar lenger, og sjølv om dei har skrive mykje rart, så er dei jo likevel del av historia vår; Vi vel jo ikkje ut historiske epokar etter underhaldningsverdi eller heltepotensial? At politikarane har rota det til både i bokbransjen og i skuleverket kan ikkje halde som bevis på at litteraturen har spelt ut si rolle, det seier vel meir om politisk historieløyse og uforstand?

Yes, I love

Sjølv om nasjonen ikkje skal byggjast frå botnen av lenger og sjølv om vi alle er verdsborgarar, så bur vi jo innanfor eit geografisk område og har eit språk og ei historie og altså ein litteratur som har fanga inn nokon, heldigvis sprikande, karakteristikkar av kven vi er. I det norske litterære skattekista ligg gull og jugl om kvarandre og begge deler har verdi som historiske kjelder om ikkje anna.

Vi har eit sitat å bruke i kvardag og fest og når det skal skrivast bok. Nei, vi elsker ikke lenger – vi skjønar alle kva for nasjonallitterær skatt forfattaren vrir på i tittelen. I andre land ville dette høyrast ut som tittelen på ein samlivsroman: No, we don't love any longer. Alle norskingar forstår Nei, vi elsker.

Eg vrir tilbake: Jo, eg elskar faktisk framleis, av og til med eit flir, ja vel. Og eg er ikkje aleine, verken om kjærleiken eller fliret. Jon Haarberg kan ta seg ein vaffel.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.