NRK Meny
Normal

Turisten

Erik Bakken Olafsen skriv kritisk om krigsturisten - han som ikkje er ute etter å hjelpe, men som treng å vere nær døden for å føle at han er i live.

Forfatteren Erik Bakken Olafsen
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Psevdonymet Erik Bakken Olafsen debuterte i 2005 med "Koranoid", ein roman som skildra Koranen på ein ganske spesiell måte, gjennom å følgje nokon ganske så spesielle muslimar. No er forfattaren ute med romanen "Turisten", og - heilt riktig - det er ikkje gjennomsnittsturisten vi blir kjent med her.

Eg vil tru at det er ganske vanleg å lengte etter meir spenning i kvardagen. For dei fleste blir det likevel med å oppleve risikoen framfor TV-en, eller gjennom krigsspel på nettet. Nokon få kastar seg ut i ekstremsporten og får kick av å sveve mellom himmel og jord. Men så har du den verkeleg harde kjernen som oppsøkjer krig og naud der dette finst i RL, det vil seie i Real Life. Då er vi ute på nokon andre greier, og der er Erik og Thomas i romanen Turisten.

Oppleve ekte saker

Turisten av Erik Bakken Olafsen
Foto: Gyldendal

Livet som postfunksjonær ved Solbergelva er ikkje særleg heftig for unge menn med trang til eventyr, og ein dag set dei av gårde austover, til Ukraina, for å oppleve noko som er ekte:

”- Faen så ekte allting er her i Sovjet. Jeg har aldri vært på et så ekte sted før.

- Tidligere Sovjetunionen, Thomas. Tidligere.

- Pirk” (s. 34)

Ein litt spontan tur tydelegvis, utan særleg tunge studiar i forkant. I første runde har vi her eit typisk backpackerprosjekt: det handlar om å kome før turistane - som ein foraktar - og oppleve ekte saker, møte folk som ikkje er i reisebransjen og autentiske kulturuttrykk. Men behovet for sterkare saker melder seg ganske snart, og før dei veit ordet av det er dei i Nagorno-Karabakh, der det er overflod på to ting: brennevin og kalashnikovar, vi er på 90-talet.

Dei kjekke ungdommane frå Solbergelva overlever dette også, og kjem heim med eit sug etter meir, etter sterkare stimuli, dermed går turen til Rwanda og seinare til Irak.

"Mennenes dans tok form som en slags ringdans der alle holdt hverandre på skuldrene. Én brøt ut og danset kosakkdans i midten til La Traviata og en hoppende dritings trekkspiller. Soldatene tok fram kalasjnikovene sine. Ikke noe godt omen. En viss angst for at jeg kom til å overvære verdens morsomste blodbad, klarte å penetrere alkoholpåvirkningen. Heldigvis beveget ringdansen seg ut døra til terrassen, med vodkaflasker, trekkspill, operasanger og automatvåpen." (s. 68)

Tankevekkjande

Bakken Olafsens prosjekt er todelt: Han forstår kva Erik og Thomas er ute etter, og skildrar eventyrlysta med stor sympati og blikk for det humoristiske så vel som det bisarre. Dette er ei bok ein ler høgt av. Men etterkvart som det skrur seg til, blir romanen også ein kritikk av den risikosøkande krigsturisten, han som ikkje nødvendigvis er ute etter å hjelpe verken humanitært, militært eller politisk, men som treng å vere nær døden for å føle at han er i live. Og med eigne kjensler som rettesnor hamnar slike folk lett inn i spel som ikkje har til mål å gjere verda til ein betre stad å leve, for å seie det slik.

Turisten er ein roman som vekker både latteren og tanken.