Hopp til innhold

Råskap, omvegar, tomrom

Når den no 79 år gamle svenske forfattaren Per Olov Enquist vender tilbake til gamle trakter i livet og i forfattarskapen, er det ikkje for å ta eit vemodig farvel.

Per Olov Enquist

Per Olov Enquist.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

For fire år sidan kom den uhyre sterke sjølvbiografien Et annet liv, der forfattaren skildra oppveksten i den vesle bygda Hjoggböle i Västerbotten, ein oppvekst prega av streng kristentru og medlemskap i ungdomsorganisasjonen til Blå kors der han lova å aldri smake alkohol. Seinare var det meir alkohol enn godt var, følgt av eit dramatisk farvel til spriten i 1990. Lignelsesboken. En kjærlighetsroman har denne biografien som eit bakteppe.

Like før døden sin brottsjø

Men der Et annet liv no framstår som ei bok om hendingar i fortida, er det eit heilt anna driv over Lignelsesboken. Forfattaren ser seg sjølv stå nede ved elvebreidda, klar til å leggje ut på den aller siste reisa, den han aldri skal vende tilbake frå. Fleire av venene har allereie drege i førevegen. Andre står saman med han, ventande, døyande, -men sjølv veit han det er nokon ting han enno ikkje har fått skrive og no hastar det.

Gjere opp for det forsømte

Vi snakkar altså ikkje om det forsonte og avklarte farvel frå ein livsklok forfattar, tvert imot. Det er noko febrilsk over denne boka; Enquist peiser i veg med kursiv og ropeteikn, gjerne tre i slengen, og gjerne midt i setninga. Han hoppar fram og tilbake i livet og i bøkene sine, han skal ha med seg det heile og dessutan få skrive det uskrivne: først må han få laga ein ny versjon av talen han heldt i gravferda til mor si, den gudfryktige og strenge mora som vart enke før han sjølv fylte året. Då ho døydde hoppa han over dei vanskelege tinga i talen og det plagar han framleis. Og så må han få skrive ein kjærleiksroman. Det er også vanskeleg, for kjærleiken er eit under. Og når det gjeld under går det ikkje an å gå rett på sak, då vil det nemleg forsvinne.

Likninga om den forsvunne notisboka

Han må ty til likningar, slik Jesus gjorde då han skulle syne fram trua for disiplane. Ni likningar har det blitt i denne romanen. Sentralt står likninga om notisboka der far hans hadde skrive ned kjærleiksdikt til mor, ei bok han trudde var tapt for alltid men som dukka opp att. Då han fekk den i hende mangla det ni ark. Kva stod på desse, kven har rive dei ut, og kvifor? Dette er eitt av fleire meiningsberande tomrom i denne boka, der forfattaren også sørgjer over dei syndene han ikkje har fått gjort og der den uspelte fiolinen som far hans kjøpte eit halvt år før han døydde, stirrar stadig på forfattaren, som ein taus tvillingbror.

Kjærleik på furugolv

Og så er det kjærleiken, som liksom religionen ikkje berre er eit under, men også heilag og dessutan frelsande, ja, kanskje det ligg meir frelse i kjærleiken enn i religionen funderer han på, og då tenkjer han ikkje på kjærleiken sånn i og for seg og reint alment, men på det samleiet han hadde den sommaren han var 15-år, på eit furugolv, med ei 51 år gammal kvinne som han seinare berre hadde eit flyktig og svært påkledd møte med på ein jernbanestasjon før han møtte opp i gravferda hennar. Den sommardagen var dei saman i om lag tre timar har forfattaren seinare rekna ut, og mykje av tida gjekk med til å diskutere den folkekjære forfattaren Bernhard Nordh, og dessutan gleder ved brusdrikking i idrettslaget han er med i.

Enquists metode

Enquist tyr gjerne til heilt konkrete episodar som gjerne kan ha noko lett komisk ved seg, blir likningar som peikar på det ein ikkje kan skrive om, som kjærleikens vesen og litteraturens mysterium.

Hvert ord hadde to vinger, hver vinge var hjelpeløs, de døde klistret seg til hverandre, det var slik kjærlighetens ord var, døende fluer sammenklistret, og det ble høst og vinter og til slutt hang det fullbesatte fluepapiret helt stille (…).

Per Olov Enquist / Lignelsesboken, s. 83

Når du fangar kjærleiken i ord, klistrar dei seg som til eit flugepapir og døyr. Her var det ikkje hendinga på furugolvet, men historia om Regine og Søren Kierkegaard som var utgangspunkt; Søren hadde sin vri på forholdet mellom sanseleg kjærleik og ord på papir.

Utforskande prosa

Episodane blir omringa av ein utforskande prosa som spør seg innover mot det vanskelege: Kva med galskapen og hangen til poesi som han finn i familien, kor mykje har han av dette? Er han eit slags frankensteinsk monster, som var sydd saman av «kroppsdeler som fantes i familien»? Og så er det trua, som han studerte seg bort frå, men som i høgste grad plagar han, han skriv om dei som har «unnsluppet Frelserens garn» og ikkje minst beundrar han tante Valborg som våga å ta eit endeleg oppgjer med Jesus som aldri svarte når ho bad til han. Og korleis er forholdet mellom kjærleik, gudstru, sprit, galskap og forfattarskap?

Råskap

Dette er ikkje ukjente spørsmål verken i skjønnlitteraturen eller i sjølvbiografien til Enquist. Spørsmåla får ingen svar, kva slags roman skulle det ha blitt, men slåande er likevel råskapen i bildebruken: Frankenstein, Frelserens garn, dei døde orda på flugepapiret og ikkje minst den stadig tilbakevendande hunden som snuser i alt men som i frykt og age unnvik ferten av seg sjølv. No nonsense.
Den febrile stilen, det tilsynelatande hastverket («mer om dette siden», «nok nå»), alle repetisjonane, dei spesifikke historiene om Hjoggböle, tante Valborg og notisboka til far, dei stadig tilbakevendande spørsmåla, alt dette som til saman blir til Lignelsesboken trør opp nokon spor, ladar opp nokon bilde og skaper nokon stader der også lesaren kan fornemme både spor av eit liv og av det forfattaren skriv om at han ikkje kan skrive om. Kanskje også lesaren kan fornemme ferten av seg sjølv. Dette er vakker og sterk prosa som på ein underleg måte kjennest nødvendig.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters