Hopp til innhold

Berre 6 prosent av barnebøker blir gitt ut på nynorsk

Fleire av dei store norske forlaga har ikkje gitt ut ei einaste barne- eller ungdomsbok på nynorsk i år.

Guri Aronsen-Ystad  Og Sylvelin Bækken Toft  på utkik etter barnebøker på nynorsk på hovudbiblioteket i Bergen

LEITAR: Guri Aronsen-Ystad Og Sylvelin Bækken Toft på utkik etter barnebøker på nynorsk på hovudbiblioteket i Bergen

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

LEITAR: Guri Aronsen-Ystad Og Sylvelin Bækken Toft på utkik etter barnebøker på nynorsk på hovudbiblioteket i Bergen

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Det er ikkje mange bøker for Guri Aronsen-Ystad og Sylvelin Bækken Toft frå Bergen Katedralskule å ta med seg heim frå biblioteket i Bergen. Dei er svært glade i bøker, men å finne litteraturen dei gjerne vil lese, er ikkje alltid like lett.

– Dette er bokmål, det er bokmål, seier dei medan dei leitar etter bøker på biblioteket.

Mange barne- og ungdomsbøker, til dømes den populære barnebokserien Harry Potter, blir omsett til bokmål. Elevane har dermed ikkje vore eksponert for mykje nynorsk litteratur.

– Det er trist å sjå at folk må ty til å lese bokmål i staden for å lese nynorsk, fortel Toft.

Guri Aronsen-Ystad

FÅ BØKER: Det er ikkje mange bøker på nynorsk Guri Aronsen-Ystad, men ei ho er godt kjent med er bøkane til Elena Ferrante, dei er omsett til nynorsk.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

FÅ BØKER: Det er ikkje mange bøker på nynorsk Guri Aronsen-Ystad, men ei ho er godt kjent med er bøkane til Elena Ferrante, dei er omsett til nynorsk.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Få utgivingar

Om vi ser på tala for utgivingar av bøker til barn og unge mellom 2015 og 2019, blei det i snitt gitt ut 1160 bøker, berre 70 av dei er på nynorsk.

Altså, 6 prosent.

Fram til nå, desember 2021, har verken forlaget Cappelen Damm, Aschehoug eller Kagge, gitt ut ei einaste bok for barn eller ungdom på nynorsk. Dette trass i at 12 prosent av elevar i grunnskulen har nynorsk som sitt hovudmål.

Leiar i lokallaget for målungdommen i Fron, Vanja Haugen Stene, trur at mangelen på bøker på nynorsk kan ha konsekvensar for brukarar av nynorsk.

– Det kan vere både at nynorskelevar ikkje får den opplæringa dei trenger og dei får ikkje det møtet med sitt eige hovudmål og sitt eige språk.

Ho trur og brukarar av bokmål kunne ha hatt ei fordel av meir litteratur på nynorsk.

– Det hadde kanskje hjelpt bokmålselevane også å ha meir tilgang til nynorskbøker. Så kunne både sidemålskarakteren deira reint teknisk blitt betre, og forståinga mellom dei to hovudmåla.

– Språkutviklinga vil lide

Det er fyrst og fremst forlaget Samlaget som gir ut bøker på nynorsk. Direktør Edmund Austigard meiner at det manglande litteraturtilbodet for unge på nynorsk går ut over lesedugleiken til elevane.

barnebøker på nynorsk

HOVUDMÅL: Guri Aronsen-Ystad og Sylvelin Bækken Toft har begge nynorsk som sitt hovudmål

Foto: GERD JOHANNE BRAADLAND / NRK

– Språkutviklinga vil lide. Dermed så vil ein fort lide i skuleløpet. Skal ein ha normert prøve i matematikk til dømes, så er det ei særs teksttung prøve. Les ein seint, eller har problem med å forstå kva ein les, så vil det slå ut på det feltet òg.

Edmund Austigard trur at dårleg lesedugleik på mange måtar vil få konsekvensar på tvers av alle fag i skulen.

– Difor ender ein kanskje opp med at eit ulikt litteraturtilbod, kan ein vere redd for at rett og slett gir ulike opplæringsvilkår.

Edmund Austigard

BERRE NYNORSK: Edmund Austigard er direktør i Samlaget, som berre gir ut bøker på nynorsk.

Foto: Edmund Austigard

Samlaget foreslår ei rekke tiltak dei trur vil betre tilgangen på nynorskbøker.

– Vi må gripa denne sjansen til å gi ungar likare opplæringsvilkår, for dei er ikkje i stand til å fikse dette sjølv, det er det vi som må gjere. Og vi har i grunnen berre tida av vegen for å gjere dette, meiner Austigard.

Vil styrke nynorsken

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen påpeiker at ho er opptatt av å styrke nynorsken og at dei arbeider med å få på plass ei boklov.

Anette Trettebergstuen

TITLAR SOM SELG MYE: Ikkje berre titlar som sel mye bør satsas på, meiner kulturministeren.

Foto: Ilja C. Hendel / Kulturdepartementet

– Eg synest det kjem ut for få bøker på nynorsk. Eg er opptatt av å styrke nynorsken og få meir nynorsk litteratur ut til folk. Den nye boklova skal vere eit verkemiddel for å få dette til.

Den nye boklova, vil ifølgje kultur- og likestillingsministeren, vere med på å sikre eit mangfald av litteraturtitlar. At det ikkje berre er marknaden og dei titlane som sel mykje, som blir satsa på.

– Barnelitteratur på nynorsk er då tydelegvis noko som færre driv med. Difor er også boklova så viktig fordi at det vil ikkje vere store økonomiske skilnadar på å gje ut ei nynorskbok for barn eller ei skjønnlitterær bok retta mot vaksne.

barnebøker på nynorsk

MEIR NYNORSK: Dei to elevane frå Katten vidaregåande håpar fleire bøker vil bli gitt ut på deira målform.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Håpar på endring

Tilbake på hovudbiblioteket i Bergen står dei to elevane og håper noko blir gjort slik at fleire barne- og ungdomsbøker blir gitt ut på deira målform.

– Eg vil at det skal skje ei endring i samfunnet, at det skal bli betre haldningar til nynorsk. At det skal komme fleire nynorskbøker på marknaden. Og at fleire i skulen kan få sjansen til å lese nynorsk og skjønne det, seier Sylvelin Bækken Toft.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.