KORK fortsatte torsdag kveld med sin serie med filmmusikkonsertar, denne gongen med musikk frå westernfilmar.
Orkesteret hadde med seg to solistar, Sigmund Groven på munnspel og Atle Antonsen som plystra – sistnemnde på Ennio Morricones berømte musikk til filmen «The Good, the Bad and the Ugly» frå 1966.
– Eg må innom den høgste tonen eg kan
Atle Antonsen har plystra både med Gardens musikkorps og Sissel Kyrkjebø, men det var første gongen han plystrar med fullt orkester. Morricones musikk strekkjer plystrekapasiteten til det yttarste:
– Her får eg køyrt meg og brukt heile registeret, eg må innom den høgste tonen eg kan, sa Antonsen etter prøven onsdag.
Antonsen har plystra heilt sidan han «gjekk og småplystra bak faren min, som var handverkar» i gutedagane, men han visste ikkje at han var god:
– Eg trudde alle kunne plystre slik. Det var først då eg byrja i XL på radio nokon påpeikte at eg var god, og dei bad meg plystre heile rockhistoria i programma.
Atle Antonsen under onsdagens øving med KORK. I løpet av fredagen kan du sjå plystringa hans om igjen.
Foto: Fred Olav Vatne / NRK– Plystrar heile tida når eg ikkje snakkar
Fleire har påpeikt Antonsens musikalitet og at han plystrar svært reint, mellom andre torsdagens KORK-dirigent Ingar Bergby. Men Antonsen har aldri jobba systematisk med plystringa:
– Dette har gått av seg sjølv, i beste fall er eg eit naturtalent. Eg har ikkje øvd, men eg plystrar jo heile tida når eg ikkje snakkar, så mykje at eg blir lei av det sjølv.
Han har ikkje altfor ambisiøse visjonar for plystrekarrieren:
– Plystring er ikkje eit instrument du i fullt alvor kan halde konsert med i ein time og eit kvarter. Det kan i beste fall krydre ein enkelt låt, men det er også alt. Det er som ein triangel.
Her ligg kanskje også årsaka til at nokså få kjende plystrarar er kvinner, spøkjer Antonsen:
– Dei har vel betre ting å gjere. Du skal gjere deg rekna med sjølv om du ikkje har noko å melde. Den type meiningslaus sjølvtillit er det stort sett menn som har.
Sigmund Groven er kveldens andre solist med KORK.
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX– Den minst homogene gruppa eg har sett
Det er ikkje mange plystrekjendisar her til lands, men Antonsen trekk fram verdsmeisteren Tormod Borgen Rogne frå Tønsberg som ein norsk plystrar på høgt nivå.
Les:
Gode plystrarar har få andre ting til felles, om ein skal tru Atle Antonsen:
– Eg såg ein dokumentar frå ein plystremeisterskap, og det var den minst homogene gruppa eg har sett. Det var alt frå ein amerikansk hønsefarmar til ein nederlendar som såg ut som meg når eg spelar i «NAV». Det er tydelegvis heilt tilfeldig kven som kan plystre.