Hopp til innhold

Annika Momrak sluttar i 4ETG: – Vemodig

I dag vart det kjent at profilen Annika Momrak sluttar i 4ETG. Ho gler seg til å ta med seg erfaringane sine til nye prosjekt i NRK.

Annika Momrak snakkar og gestikulerer med hendene sine.

Annika Momrak sluttar i 4ETG, men gler seg til nye prosjekt i NRK.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Det kjennest vemodig. Det er vemodig når ein ikkje lenger skal jobbe med folk ein er veldig glad i, seier Annika Momrak før ho legg til:

– Samtidig er det også spennande å tenke på at eg skal gjere noko nytt som eg også kjem til å bli veldig glad i.

Dei siste tre åra har Annika Momrak vore ein av profilane i 4ETG, og med det vore ei viktig brikke i innhaldet som har vorte laga.

Ho trekker fram menneska ho har jobba med og folka ho har møtt gjennom jobben som dei beste minna sidan starten på 4ETG-eventyret.

– Det har vore ei veldig fin tid der eg har opplevd mange ting eg aldri hadde tenkt eg skulle oppleve. Og så har eg fått utfordra meg på mange ulike område.

Sjekk blant anna da Annika Momrak skulle kvitte seg med 70 liter gele:

Annika i 4ETG har etter et feilet forsøk om å bli en geleklump endt opp med 70L gele som hun ikke helt vet hva hun skal gjøre med. Så hun henter inn profesjonelle sprengefolk i håp om at den skal sprenges ut av livet hennes.

Annika i 4ETG har etter et feila forsøk om å bli en geleklump enda opp med 70L gele som ho ikke helt veit kva ho skal gjere med. Så ho hentar inn profesjonelle sprengefolk i håp om at den skal blir sprengt ut av livet hennar.

Annika Momrak annonserte nyheita fyrst på 4ETG sin intagramkonto.

Nye erfaringar

Ho understrekar også at ho er veldig takksam for kontakten ho har fått lov til å ha med sjåarane til 4ETG.

Den er heilt spesiell.

Nå gler ho seg til å ta med erfaringane vidare i nye prosjekt:

Eg kjenner at det er på tide å ta med dei tinga eg har lært til noko anna og nytt, seier ho.

Blant anna skal ho leie «P3 Gull» saman med Lars Berrum i slutten av november.

23-åringen frå Bø i Telemark blir altså framleis verande i NRK, men kva ho skal jobbe vidare med etter nyttår er enda ikkje kjent.

Ole Fotland, Annika Momrak Kristoffer Torpe og Pernille Hunnes i 4etg

Den nåverande 4ETG-gjengen er Ole Fotland (frå venstre), Annika Momrak, Kristoffer Torpe og Pernille Hunnes. Her avbilda frå eit opptak.

Foto: NRK

– Eit stort talent

Nå gir ho stafettpinnen vidare til Kristoffer Torpe, Ole Fotland og Pernille Hunnes som nå utgjer 4ETG.

– 4ETG vil alltid endre seg når profilane blir skifta ut, men eg har stor tru på at dei kjem til å naile det, og gjere sin greie og utvikle det vidare.

Prosjektleiar i 4ETG Natasha Sayer og vaktsjef Helle Helle Aakesen fortel at det har vore eit privilegium å ha vore Annikas kollega dei siste tre åra.

– Frå å vere ein liten YouTuber, knapt ferdig på vidaregåande har ho nå fått opna mange dører i NRK, understrekar dei.

– Mengdetrening, stort talent og eit helt unik nærvære på skjermen har gjort ho til den populære profilen ho er i dag.

Ny 4ETG

Sayer og Aakesen er takksame for at Annika ønsker å utvikle seg vidare i NRK og dei gler seg til fortsetjinga.

– Dei nye profilane i 4ETG har hatt glede av å lære frå Annika, men gleder seg til sin tid i 4ETG. Vi er sikre på at dei utviklar seg til å bli like gode på skjermen som sine forgjengarar.

Kristoffer Torpe, Pernille Hunnes og OleFotland

Etter nyttår er det Kristoffer Torpe, Pernille Hunnes og Ole Fotland som regjerer 4ETG.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.