Hopp til innhold

Anine og Lasse

Både Anine og Lasse går på Nordens einaste låtskrivarskole som ligg i Nord-Sverige. På skulen oppdaga dei at dei jobbar bra saman, Lasse på gitar og Anine på song.

Anine og Lasse
Foto: Photographer Isabel Watson

Når Anine og Lasse skal opptre på Kjempesjansen på laurdag er det med songen "Moments og magic" som dei har laga saman med K. Ingwersen. Allereie no kan du sjå musikkvidoen deira , der dei spelar denne låta.

Duo

Då Anine Victoria Stang og Lasse Jansson- Kilman byrja på låtskrivarskolen MusikMakarna i Sverige fant dei fort ut at dei passa godt saman som ein duo. Tidlegare har begge jobba med sine eigne prosjekt, men no er det Anine og Lasse-prosjektet som er høgst prioritert.

Anine er og vokalist i eit i eit pop – rock - band som heiter ”Million Dollar Baby”. Dei har blant anna spelt på By:Larm i Tromsø og dei har varma opp for Briskeby.

Lasse har og fått til mange av sine eigne prosjekt. Han er no blant anna hyra inn som gitarist i bandet til Alexander With (som vant årets Idol på TV 2).

Fekk sansen for musikk

Anine og Lasse
Foto: Photographer Isabel Watson

Då Anine var 10 år skreiv ho si første låt.

- Ikkje at den var så bra, men det gjorde til at eg hadde lysta til å skrive meir, fortel Oslojenta.

Det same året vedda ho 10 000 kroner med mormora og morfaren om at ho ein dag skulle bli songstjerne, då blei ho møtt med latter og ”men du har ikkje tenkt på å bli lege då?”.

Men så feil kunne dei ta, Anine har allereie fått kontrakt med eit av dei største plateselskapa i landet, men som ho takka nei til.

- Eg følte at dei ville ha meg inn i ein sjanger eg ikkje følte meg heime i. Eg ville utvikle min eigen stil, og skrive låtane sjølv, ikkje bli eit produkt.

Lasse fant og tidleg ut at det var musikk han ville drive med. Då han var barn reiste familien mykje rundt på plassar der dei spelte musikk.

- Då pappa spelte Credence Clearwater Revival på platespelaren gjekk eg bananas på stovegolvet.

Kva vil dei bruke pengane på?

- Vi vil bruke dei på å få oss gode samarbeidspartnarartil å produsere plata vår, slik at vi får den sounden vi vil ha.  

På gøy med Anine:

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

- Fikser ikkje lyden av bestikk mot tallerken. det gjer vondt frå kjeven og langt ned i ryggmargen.

Har du nokre spesielle interesser?

- Eg er interessert i spirituelle aktivitetar og alternativ medisin. Har drive med yoga i 6 år, og eg mediterer av og til. Eg er nysgjerrig, men ikkje dønn naiv!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.