Metropol, kreativ verkstad, skaparvilje og glede. Musikkmiljøet i Bergen har fått svært positiv omtale det siste åra. Nye band og artistar har dukka opp frå minste krok i kamp om å slå igjennom. Yahoband er fullstendig klar over situasjonen, men har to gode kort på handa. Opptreden på Ole Blues og gode kritikkar av sin debut EP.
- Musikkmiljøet i Bergen har hatt eit kjempeløft som har betydd masse for byen og miljøet, seier frontfigur Eirik "Snekka" Jørstad. Sjølv om kampen er hardt er Yahoband noko for seg sjølv meinar han. - Vi har i grunn aldri vore ein del av eit miljø. Ein viktig årsak til det er at vi skiljar oss litt ut ved å spele musikk som svært få andre spelar.
Anna namn
Namnet Yahoband er svært fersk. Tidlegare opererte firarbanden under namnet Snekka Yahoo Band. I mai 2002 vart namnet forandra. Samtidig slutta Øystein Fosshagen seg til og tilførte Yahoband innslag av gitar, mandolin og fiolin.
Eirik "Snekka" Jørstad er frontfigur i Yahoband
- Vi vart litt lei alle maritime og handverk assosiasjonar. "Snekka" er kanskje eit uttrykk som blei feiltolka. Kvifor vi berre vart Yahoband er ikkje godt å seie, meiner Eirik Jørstad.
Tydeleg amerikansk inspirert
Ikkje mange norske band satsar like friskt som Yahoband. Dei har lagt seg til ein musikkstil som tydeleg er inspirert frå landet "over there".
- Vi er nok gjerne det du kan kalle eit outlow country band, med element frå folk og rock musikk. Vi er fire forskjellige karar som satsar på den meir rocka biten av country. Du kan gjerne samanlikne oss med Ben Harper.
- Outlow country kva er det?
- Vi ser på det som det motsette av den glatte Nashville countryen. Musikk som ikkje er tatt av dragsuget til musikkindustrien. Utrykket kom vel i samband med artistar som Steve Earle, Willy Nelson og Johnny Cash. Det er noko anna enn mainstream- countryen, hevdar Jørstad.
Yahoband sin første EP
På konsert i utlandet
Etter dei gode kritikkane ventar sjølvsagt Yahoband på at ein eller annan platedirektør skal ringe. Året vert likevel omfattande med konserter både i Benelux og Tyskland. Bandet skal og gjenta suksessen frå sommaren 2000 i Canada.
- Vi er ønska tilbake dit neste år. I samband med ein liten festival her i Bergen kom vi i kontakt med eit canadisk band som hadde med seg ein agent. Han inviterte oss over. Vi spelte i ein månad og hadde over 20 spelejobbar.
Planane vidare er noko usikre. Så langt har ikkje norsk platebransje reagert. Difor kjem kontaktane i utlandet godt med. – Kanskje er det nokon utanfor Noreg sine grenser som vil gi ut det vi har å by på, spør Eirik?