Dei første åra vart Ønskekonserten sendt direkte laurdag ettermiddag, så vart programmet flytta til mandag kveld. Og frå første stund har "Bojarenes Inntogsmarsj" vore kjenningsmelodi.
Svanhild Mundheim var hallodame i NRK Radio i 27 år, og då var det også hennar jobb å leie Ønskekonserten. Alle lyttarreaksjonane sette ho stor pris på, og ho fekk mange trivelege lesarbrev fra lyttarar over heile landet.
"Livet på Finnskogen" var ein av dei mest spelte melodiane i Ønskonserten i mange år. Ofte blei dei samme songane spela om igjen og om igjen, så ofte at enkelte lyttarar skreiv inn og sa at Ønskekonserten var irriterande kjedeleg.
Først i Ønskekonserten kom barneplater av hensyn til dei små.
Men det hende også at ønskeplater som var trekte ut blei fjerna fra repertoaret, til dømes då det kom inn ei helsing til ei eldre dame som fylte 80 år. Plateønsket var "Du kan ingenting ta med deg dit du går", og av omsyn til kva 80-åringen kunne komme til å tenke om si eiga framtid blei plateønsket lagt bort.
Pop-plate til slutt
Først i Ønskekonserten kom barneplater av omsyn til dei små, sånn at dei kunne gå og legge seg etterpå. Deretter kom religiøse plater, slik at kristenfolket skulle slippe å høyre bråkete pop-musikk. Så kom klassisk musikk som ein mjuk overgang til musicals, dansemusikk, trekkspill og jazz. Til slutt kom pop og rock for ungdommen. Mange unge irriterte seg over at dei måtte lide seg gjennom første del av ønskekonserten for å få med seg den ungdommelege musikken til slutt.
Ønskekonserten var populær. På det meste høyrde fire av fem nordmenn på programmet om mandagskveldane. Kor populær ønskekonserten var viser ei historie fra Nord-Norge: Ein kar på ei fiskebruk skal ha nekta å jobbe overtid om mandagskveldane, trass i stort behov for arbeidskraft. Og grunnen? Han måtte heim til kona for å høyre på Ønskekonserten.
Sidan 1950 har Ønskekonserten formidla helsingar og gratulasjonar, og i 2000 feira dei 50-årsjubileum.
Svært mange av Ønskekonsertens programledere var tilstede ved feringen av 50-års jubileet i 2000.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høre Kjetil Lillesæters innslag om Ønskekonserten.