– Det er ei stor ære å få denne prisen, og ikkje noko eg kunne tenkje meg på førehand, seier Alan Walker.
Alan Walker sin verdshit «Faded» sette nok ein norsk artist på verdskartet, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Låten låg mellom anna på fyrsteplass på dei tyske hitlistene ti veker i strekk, og fekk prisen for årets låt under Spellemannsprisen 2016.
FRÅ UTDELINGA: Alan Walker og Børge Brende.
Foto: Christian Ingebrethsen / NRKStarta karrieren på YouTube
Walker vart fødd i England, men flytta til Bergen i 1999. Artisten vart oppdaga gjennom YouTube, der han la ut den fyrste låten i 2012.
DJ-en og produsenten har vorte anerkjend på høgt internasjonalt nivå. Musikken hans har passert 1,3 milliardar audiostreams, 2 millionar nedlastingar og 1,25 milliardar videovisningar, ifølgje Music Norway.
Vil vise fram norske talent
GIR STIPENDET VIDARE: Under takketalen fortalde Alan Walker at han gjev stipendet på 100.000 kroner vidare til USF Verftet.
Foto: Christian Ingebrethsen / NRKPrisen skal bidra til at norske talent og norsk musikkbransje blir sett og høyrt av eit internasjonalt publikum. Walker får eit stipend på 100.000 kroner som skal gjevast vidare til nokon som har vore viktig for karrierevalet hans.
– Eg har valt å gjeva stipendet vidare til USF Verftet, det var der eg heldt min fyrste konsert i Bergen. Dei har både konsertlokale og studio, og betyr mykje for musikkmiljøet i Bergen, seier Walker.
Utdelinga av prisen føregjekk i Oslo fredag 9. juni, og det var utanriksminister Børge Brende som overrekte prisen.
– Norsk musikk har blitt ein viktig eksportartikkel, og viser fram Noreg internasjonalt på ein god måte, seier utanriksministeren.
– Kva er ditt forhold til Alan Walker?
– Eg veit at han er utruleg populær! Når over ein milliard menneske har lasta ned musikken hans, så er det eit teikn på at folk likar det han gjer. Han er ein kjempeambassadør, seier Brende.
Dei andre nominerte til prisen var Cashmere Cat, Lise Davidsen, Mette Henriette, Seeb og William Wiik Larsen.