Hopp til innhold

«Miss Marple» er død

Skodespelaren Geraldine McEwan er død, 82 år gamal. Ho er mest kjend for si rolle som detektiven Miss Marple, i filmatiseringa av Agatha Christie sine bøker.

Miss Marple

Geraldine McEwan, slik nordmenn kjenner ho. No er ho død, 82 år gamal.

Foto: NRK/BBC

McEwan døde etter å ha vore sengeliggande sidan oktober, då ho vart råka av eit slag. Familien opplyser at ho sovna inn i går. Det skriv BBC.

Ho er for nordmenn mest kjent for rolla som detektiv Marple i serien «Miss Marple», som også har blitt sendt på NRK. Ho hadde rolla frå 2004 til 2009, og er ein av fleire skodespelarar som har tolka den velkjente rolla.

McEwan vaks opp i Berkshire i England, og gifta seg etter kvart med ein tidlegare rektor ved skodespelar-akademiet, Hugh Cruttwell. Saman fekk dei to barn.

I tillegg til rolla som Miss Marple har skodespelaren opptredd i fleire filmar og TV-seriar.

– Ho har introdusert Miss Marple to eit heilt nytt publikum, og me er takksame for måten ho har handtert den enormt krevjande arbeidsplanen, sa dramasjefen i TV-kanalen ITV etter at McEwan gav seg i rolla som Miss Marple i 2009.

Kulturstrøm

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP