Hopp til innhold

«Kompani Orheim» vann gjev filmpris

Den norske filmen «Kompani Orheim» vann laurdag den store nordiske filmprisen i Göteborg.

Kompani Orheim

«Kompani Orheim»-gjengen var vel nøgd med responsen etter premierevisninga i Gøteborg. Frå venstre: Kristoffer Joner (Terje Orheim), Vebjørn Enger (Jarle Klepp) og Arild Andresen (regissør).

Foto: Kristian Rostad / NRK

Filmen har enno ikkje hatt norsk premiere. Men i Sverige har den allereie blitt lagt merke til, og vant dermed prisen for beste nordiske film under Göteborg internasjonale filmfestival.

«Kompani Orheim» er tredje film frå bokseria til Tore Renberg om Jarle Klepp, og ein av årets største filmsatsingar i Noreg. Den handlar om Jarle sitt kompliserte forhold til faren, og korleis faren sine alkoholproblem slit den vesle familien i sund.

Nøgd regissør

– Hurra, utbrøyt ein smilande regissør Arild Andresen til NTB laurdag kveld.

Ein tydeleg nøgd regissør som seier at prisen kom heilt uventa.

– Eg kan ikkje gå rundt og forvente ein slik pris. Men eg står veldig inne for filmen. Eg er stolt av filmen, ikkje minst av skodespelarprestasjonane, seier Andresen.

Den norske filmen vart synt fram på filmfestivalen førre helg. Då var reaksjonane stort sett positive.

– Me har hatt fleire testvisningar, og det er alltid nokon som kjenner seg meir att i temaet enn andre, sa regissør Arild Andresen om filmen.

I hovudrollene i filmen finn me Kristoffer Joner, som speler Terje Orheim, og Vebjørn Enger i rolla som Jarle Klepp.

Fortel om ein familie i krise

Juryen begrunna prisutdelinga med at «Kompani Orheim» er ein film som fortel om ein familie som lid under faren sin brutalitet.

– Me trur at dette har vore, og framleis er, den fryktelege erfaringa mange barn gjer seg, å bli moralsk, psykisk og til og med fysisk mishandla av faren sin. Utan å få noko hjelp av mora si.

Den gjeve filmprisen er på 1 million svenske kroner.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters