Hopp til innhold

Velformulert krise

Jette Kaarsbøls andreroman er godt handverk. Men er det nok?

Jette A. Kaarsbøl

Jette A. Kaarsbøl er aktuell med romanen 'Din nestes hus'.

Foto: Miklos Szabo/Gyldendal.dk

"Din nestes hus"

Kaarsbøl debuterte med ein roman om kjærleik og svik og fordekte historier på slutten av 1800-talet. «Den lukkede bok» blei ein formidabel suksess, eg må vedgå at eg enno ikkje heilt forstår kvifor. Eg fann den overkomponert og pretensiøs. Derfor var det med stor interesse eg gjekk i gang med roman nummer to; kanskje eg kunne forstå betre kva som er det store etter å ha lese den?

Kasta inn i ei midtlivskrise

«Din nesten hus» er meir avslappa i tonen og mindre pretensiøs, dermed er det ein roman det er lettare å like. Vi er i samtida, den vellykka arkitekten Laus Lindborg blir heilt uforvarande kasta inn i ei midtlivskrise når faren døyr. Han meiner bestemt at han har slutta å bere på nokon kjensler overfor den nokså usjarmerande arkitektfaren som - kompromisslaus som han er - ikkje kan sjå tilbake på eitt einaste bygg av eit visst format som ber hans signatur. Eller: han har teikna filialbiblioteket i St Randing, ein grandios bygning på papiret, som dessverre blei modifisert til det ugjenkjennelege og i tillegg er den no brent ned.

Sonen bestemmer at far skal gravleggjast på kyrkjegarden i St Randing. Og når den personlege krisa slår han ut, ja, så blir denne søvnige vesle tettstaden med verdas grimmaste pensjonat og suraste pensjonatvertinne den faste basen for junior.

Vakre kvinner

Den gjensidige skepsisen gjev mykje å spele på: mellom den sofistikerte københavnaren med utsøkt estetisk smak og folk som har levd livet sitt på denne vesle plassen gnissar det frå første start. Men det går seg til og meir enn det: den kriseramma involverer seg i lokalsamfunnet på godt og vondt.

Ei av drivkreftene i romanen er at gleda ved vakre kvinner vaknar til live etterkvart som han kjem seg til hektene, og kvinna Laus til slutt fell for bur nettopp i huset til nesten. Vi er tilbake til kjærleik og svik og fordekte historier som i debutromanen, utan at ein skal gjere altfor mykje ut av den parallellen. Det meste er ulikt i desse to romamane.

Bortsett frå at Kaarsbøl er ein forfattar av den grundige typen som gjer reserach (i dette tilfellet i arkitektmiljøet), som komponerer svært nøyaktig og dels etter symmetriprinsippet, og som har glede ved den gode formulering. Kort sagt vi kjenner att forfattarens stil meir enn historia i denne nye romanen.

Forklarer alt

«Din nestes hus» er ei spennande historie, av den typen du helst ikkje vil leggje frå deg. Eg blir oppriktig interessert i å få vite kva som skjer: Med huset (fars ruin skal byggast opp igjen, etter originalteikningane!) med prestefamilien, med den nokså enkelt møblerte dottera til pensjonatvertinna, med livskrisa til Laus, kort sagt. Motoren i romanen er kva som hender med Laus. Vel og bra, men den motoren sluttar med ein gong eg er ferdig å lese, og det så ettertrykkeleg at eg no, svært kort tid etter endt lesing strevar med å hugse kva det er eg har vore med på.

Dette er ikkje ei historie med gåter ein må gruble vidare på, verken av estetisk eller eksistensiell karakter. Her er tvert i mot alt forklart, til tider av ein Laus som snakkar til forveksling likt ein forfattar. Han blir rett og slett tvinga til å forklare meir enn han bør og til å tenkje høgt så vi alle skal forstå kva forfattaren vil ha fram.

Finst ingen klangbotn

Dette overtydelege irriterer i lengden, det same gjer alle dei fikse ordkunstene, som når Laus spelar Miles Davis i bilen og legg til «Hundre Miles i timen». Eller når ein person «bød på svart te og digert bedrag». Denne koplinga mellom konkret og metaforisk bruk av ord er flittig brukt og gjev romanen ein type fiks og ordflink humor som lettar stemninga, men som ikkje har meir å bidra med.

Jette Kaarsbøl har eit skarpt blikk for sider ved det moderne mennesket, og ho skildrar ulike eksemplar av sorten med syn både for svake og sterke sider. Hovudpersonen går også gjennom ei viss utvikling i løpet av historia, mange vil meine til det betre. Men her finst ingen klangbotn, dermed blir det lite for lesaren å ta tak i når forfattaren har gjort sitt.

Sagt på ein annan måte: Dette er ein velkomponert, gjennomarbeidd og underhaldande roman som det er fort å lese og fort å gløyme.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters