Dei gav aldri opp. Sjølv om det i utgangspunktet var utenkeleg. UKA i Trondheim hadde likevel sterkt nok håp til å få det til. No kan ein jaggu skilte med ein likeverdig erstattar.
For med både A-ha og Snoop Dogg, skulle UKA-03 bli den beste i manns minne. Men etter trøbbel med bookinga i USA, måtte studentfestivalen avlyse konserten til den amerikanske rapstjerna. I lang tid har ein iherdig gjeng arbeida på spreng for å prøve å få ein god nok erstattar. Laurdag morgon kunne ein stolt UKE-sjef Kristian Wright vise fram den signerte kontrakten med sjølvaste 50 cent.
- Ingen kulturfestival i verda er feitare enn UKA akkurat nå.
På ny
Dermed blir det Noregskonsert på den amerikanske hiphoperen for andre gong i løpet av ein månad. Oslo Spektrum var fylt til randen 18. september. UKA vil ha ingen vanskar med å fylle eit nytt konsertlokale.
50 cent er ghettogutten som arbeida seg opp frå å være narkolangende kid iQueens, til å bli eit av dei hottaste hiphopnavma i verda pr. dags dato.
50 cent starta tidleg å rappe, men etter fleire skyteepisodar, fekk han sparken frå plateselskapet i 2000. Rykta om Eminem førte han til sjølvaste Eminem og Dr. Dre. Derifrå bar det ein veg. I løpet av to år var 50 cent blitt ein internasjonal kjent rapartist.
Dyrt
UKA skal fly verdsstjerna og følgjet på nærmare 40 personar, inn med privatjet frå Sør-Europa. Så, kl 1900 14.10.03, opnar dørene til teltet i Dødens
Dal.
Ingen i leiinga i studentfestivalen vil ut med kor dyrt det er å hente inn rapparen til Trondheim. Truleg må ein ut med fleire millionar for å få alt på plass. I tillegg er 50 cent kjent for å stille svært så høge krav til både hotell og ryders.
Billettane er allereie lagt ut på Billettservice, Posten og alle stader i Trondheim der det er mogeleg å få kjøpt UKA billettar.