Hopp til innhold

Vil verte kulturråd-direktør

Fire kvinner og seks menn har søkt ein av dei viktigaste jobbane i norsk kulturliv.

Stein Slyngstad

Stein Slyngstad er direktør for ABM-utvikling, men har no søkt på stillinga som direktør i Norsk kulturråd.

Foto: Sebastian Ludvigsen / ABM-utvikling

Søkjarlista til direktørstillinga for Norsk kulturråd er no offentleggjort. Totalt er det ti personar som har søkt lista, og på lista finn ein fire kvinner og seks menn. Ein person på søkjarlista er unnteke offentlegheit.

Stillinga som direktør for administrasjonen til Norsk kulturråd er ledig frå 1. august 2010. Stillinga er eit åremål. Åremålsperioden er på seks år, og kan fornyast éin gong.


Her er heile lista:

  • Oleksiak, Piotr (38), musikklærar, Gdynia, Polen
  • Fauvel, Benito (35), fransklærar, Røyse, Noreg
  • Slyngstad, Eva (47), rektor/lærar, Tolvsrød, Noreg
  • Slyngstad, Stein (49), direktør, Skui, Noreg
  • Hanto, Kristian (57), prosjektleiar, Lunde, Noreg
  • Aslaksen, Ellen (47), forskingsleiar, Oslo, Noreg
  • Uddu, Per Kvistad (60), rådgjevar, Trondheim, Noreg
  • Moe, Ragna Sofie Grung (55), direktør, Oslo, Noreg
  • Unnteke offentlegheit (mann)
  • Skjeldal, Guri (60), assisterande direktør, Østerås, Noreg
Ragna Sofie Grung Moe

Ragna Sofie Grung Moe har tidlegare vore direktør for Grieg 07.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Kvart år mottek musikk, biletkunst og andre kunstformer hundrevis av millionar kroner i statleg stønad gjennom Norsk kulturråd. Den nye direktøren vil ta over i ein periode der kulturrådet er inne i ein stor endringsprosess. Direktøren er sjef for kulturrådets administrasjon, og skal ikkje fatte politiske vedtak.

Den nye direktøren får også ansvar for tilskot til museumssektoren, etter at det i vår vart vedteke at ABM-utvikling skulle avviklast. Dermed vert kulturrådet dobbelt så stort som i dag. Direktør for ABM-utvikling, Stein Slyngstad er no ein av søkjarane til direktørstillinga i Norsk kutlurråd.

Prosessen har fått kritikk

Per Kvistad Uddu

Tidlegare direktør for Olavfestdagene, Per Kvistad Uddu har også søkt stillinga.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Tidlegare har mellom andre Høgres kulturpolitiske talsmann Olemic Thommesen kritisert tilsetjingsprosessen for å vere for hastig. Stillinga vart lyst ut med berre to veker søknadsfrist, noko Kulturdepartementet har uttalt er heilt vanleg ved ei slik utlysning.

Kulturrådet har fleire ganger fått kritikk for korleis dei vel ut kven som skal få stønad, og no jobber dei med å finne nye kriteria for stønad til festivalar.

Tidlegare kulturminister Trond Giske vart skulda for kameraderi av opposisjonspartia Venstre og Frp då han utnemnde fleire vener til å sitje i Norsk kulturråd.

I fjor tok regjeringa full kontroll over kven som skal sitje i Norsk kulturråd, noko dei fekk sterk kritikk for av opposisjonen.

Kulturstrøm