Mange feil i «World of Warcraft»
Den nye versjonen av «World of Warcraft» som blei lansert denne veka var langt frå feilfri, melder VG. Fleire programfeil fører til at spelarar slit med å kome seg forbi fiendane; dei er rett og slett for gode til å slåst. Selskapet bak, Blizzard, forsikrar om at dei fiksar fleire hundre programvarefeil per dag.