Sage har skrive boka «Ibsen and Hitler» som snart kjem på den amerikanske marknaden.
Det er scener som dette den amerikanske forfattaren Steven F Sage meiner påverka Adolf Hitler:
"Det skal skje, når den rette kommer.
- Og hvem er den rette?
Han som skal oppsluke både keiseren og galileeren." (sitat «Kejser og galilæer")
Mykje meir
I fleire år har Sage samanlikna Ibsen sine skodespel med det Adolf Hitler sa og skreiv. I følge Sage var Hitler mykje meir påverka av Ibsen enn av Wagner.
Sage fortel at Hitler aldri gjorde noko nummer av innflytelsen Ibsen hadde på han slik han gjorde med wagner. Dermed har ingen visst noko om dette før no.
Sage meiner Hitler var spesielt begeistra for «Kejser og galilæer», «Byggmester solness» og «En folkefiende». I ««Kejser og galilæer» finn me til dømes uttrykket det tredje riket.
På viddene
Ibsenforskar ved Unibersitetet i Oslo Vigdis Ystad har ikkje lese boka «Ibsen and Hitler», men utelukker at det er noko skjult ideologi hos Ibsen.
- Ibsen var opptatt av nedbryting av normer og samfunnsomveltninger, og konsekvensene av dette for det enkelte menneske. Jeg tror neppe at man skal kunne utlede noen fascistisk ideologi av det.