Hopp til innhold

- Har lært mykje av Odd

Gjermund Larsen Trio har fått flotte kritikkar for andreplata «Aurum». Frontfiguren innrømmer gjerne å ha henta mykje inspirasjon frå sin tidlegare turnépartner Odd Nordstoga. Her kan du sjå dei spele live i Musikkredaksjonen.

Gjermund Larsen spiller i Musikkredaksjonen
Foto: Fred-Olav Vatne / NRK

– Eg fekk spele med han like før og like etter at han slo gjennom. Det var svært lærerikt og inspirerande. Han opna augene mine for at ein kunne bruke folkemusikken på mange ulike måtar, seier Gjermund Larsen.

Larsen plasserer seg eit lite stykke frå Nordstoga på spektret mellom pop og folkemusikk:

– Den største skilnaden mellom oss er nok at Odd er tydeleg på at det han lagar ikkje er folkemusikk. Eg, derimot, lagar i eigne auge folkemusikk. Det kan innebere at musikken min blir oppfatta som smalare – mange reagerer av ein eller annan grunn negativt på den merkelappen.

Sjå Gjermund Larsen Trio spele i Musikkredaksjonen:

Gjermund Larsen Trio spelar i Musikkredaksjonen

Andreplata ikkje vanskeleg

Det er vanleg oppfatning at det å gje ut den andre plata er særskilt vanskeleg, men det vil ikkje Gjermund Larsen gå med på.

– Det er ikkje så gale som folk trur. Einaste gongen eg kjente nervane kom, var rett før vi skulle gå i studio og starte innspelinga. Det var noko med det å gå over dørstokken til studio – no skulle det skje. Verken før eller seinare har eg tenkt noko særleg på det.

Sjå Gjermund Larsen og Sondre Meisfjord snakke med Musikkredaksjonens Lillian Olsen om sitt samarbeid her:

Video GJLARSEN-MRI-BG-241009-WW

Fann tittel i siste liten

Både plata og tittelsporet «Aurum» (det latinske ordet for gull) mangla namn til like før cden skulle i trykken.

– Det kom ei dame bort til oss etter ein konsert og sa at vi var som gullgravarar, på jakt etter noko ekte i musikken. Det var eit veldig fint kompliment, og eg var desperat etter å finne eit godt namn. Dermed vart det «gull».

Les Kjetil Bjørgans omtale av «Aurum» her:

Norges beste felespiller

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.