Dylan Mondegreen, eller Børge Sildnes, som han også heiter, er for tida i England for å spele på
festivalen i Brighton. Ikkje berre har han skaffa seg eigen britisk manager og platepusher i Nancy McCrea, men han er også i kontakt med plateselskapet Parlophone.- Det er gjevt å vere i kontakt med slike folk, seier Børge. Å få til ein avtale hadde vert fantastisk.
Parlophone har ei lang og imponerande liste over band og artistar, med The Beatles som gjevaste juvel.
Pengestøtte nyttar!
Music Export Norway har i fleire år jobba med å selje norsk musikk til utlandet. No kjem restultatet, for når Ida Maria, The Lionheart Brothers, Silja Nes og Ungdomskulen er på lista blant ti nordmenn som prydar badebyen Brighton denne helga, viser det at pengestøtte og hardt arbeid nyttar.
Manager Nancy McCrea jobbar meir enn gjerne for at engelskmennene skal få augene opp for det norske talentet Dylan Mondegreen.
- Det er eit hol i engelsk musikk, som Dylan Mondegreen fyller med sin melodiøse musikk, seier ho.