Skatten som endra alt

På fire år snudde eigedomsskatten opp ned på Askøy kommune.

Valnatta for fire år sidan sette Terje Mathiassen seg i bilen, tende seg ein rullings, type Petterøes 3, og køyrde heim frå valvaka på rådhuset.

Berre timar tidlegare hadde han stemt på seg sjølv.

Han skjønte at det var mogeleg at han kunne bli ordførar.

Om det var favorittartisten Mark Knopfler han høyrde på, eller om han berre hadde på bilradioen, kan han ikkje hugse. Men med eit smil om munnen køyrde han forbi skulen han hadde jobba på i 26 år, og heim til kona.

Som lærar starta Mathiassen sitt politiske engasjementet med omsorg for barn og unge. Med han skulle lærarane bli fleire, skulane betre. Samstundes skulle han ikkje innføre eigedomsskatt, skatten som var den heitaste valsaka og som ingen ville ha.

Dette er historia om ein mellomstor kommune som fekk økonomien snudd på hovudet to gonger på kort tid. Om ein valsiger som blei til fire år med politisk berg-og-dal-bane.

Og ein ordførar som braut sitt største valløfte.

Kommunestyre Askøy 2015-201919

VALSIGER: Stolt stod Terje Mathiassen i sentrum då dei presenterte koalisjonen etter valet i 2015. Frå venstre: Anne Kjellevold Midtbø (MDG), Rafael Cobo Garrido (SV), Elsa Benjaminsen (Ap), Terje Mathiassen (Ap), Inge Abrahamsen (Rødt), Bård Espelid (Askøylista).

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Det enkle reknestykket

Nokre veker etter valet presenterte dei koalisjonen. Terje Mathiassen kunne smykke seg sjølv med eit stort kjede og ordførartittelen. Hordalandskommunen hadde blitt styrt av høgreparti i to periodar, men Askøy var med eitt mandats fleirtal raud igjen.

Saman med Askøylista, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og MDG skulle Mathiassen og Arbeidarpartiet utvide og bygge skular. Dei skulle ta tilbake den private drifta av sjukeheim.

Dei hadde rekna på det før valet. Planen var å klare seg utan eigedomsskatt for hus og hytter. Det skulle halde med å berre krevje eigedomsskatt frå verk og bruk, som for eksempel fabrikkar og verft.

Utrekninga var i korte trekk at Askøy er ein tidel av Bergen, både i folketal og kommunebudsjett. Nabokommunen over fjorden fekk inn 100 millionar frå verk og bruk, og då kunne Askøy kunne få inn 10 millionar kroner.

I valdebattane for fire år sidan gjentok Mathiassen omkvedet: Det blir ingen eigedomsskatt på bustadar med han som ordførar.

Høgresida hadde styrt i åtte år. Dei var naturleg nok skeptiske. Det var berre eit spørsmål om tid før dei raude byrja å krevje inn skatt frå vanlege folk òg, meinte dei.

Reknestykket skulle vise seg å vere altfor enkelt.

Løftebrotet

Dei første rekningane for eigedomsskatt blir sende ut i 2016. Berre eigarar av verk og bruk får faktura.

Men det tar ikkje lang tid før folk begynner å stusse over skatten.

Ein kjøpmann som eigde ei bensinpumpe utanfor kjøpesenteret, gjekk ut i lokalavisa Askøyværingen og flirte av skatten han måtte betale: 250 kroner.

Då kommunen talde opp pengane dei fekk inn frå skatten, blei det tydeleg at inntektene ikkje gjekk i hop med utgiftene.

Kommunen fekk berre inn 2,5 millionar kroner. Sju og ein halv million mindre enn venta.

Og ikkje nok med det.

I same stund kom Arbeidstilsynet med trugslar om dagbøter viss kommunen ikkje rusta opp skular med dårleg inneklima. Det ville koste 60 millionar kroner. Dette skulle kome fram i kommunen sitt budsjett.

Elles blei skulane stengde.

For Terje Mathiassen blei det klart at dei måtte gjere noko.

Askøy-ordførar Terje Mathiassen på ordførarkontoret

SYSTEM I ROTET?: Askøy-ordførar Terje Mathiassen på ordførarkontoret.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

15. desember 2016 samla politikarane seg til eit møte i kommunestyret som lokalavisa skulle skildre som kaos.

På sakslista hadde rådmannen eit forslag til løysing: Å krevje inn eigedomsskatt på hus.

Stikk i strid med kva Arbeidarpartiet og Terje Mathiassen lova før valet.

I ein julepynta sal møtte dei opp til kommunestyremøte. Ifølgje Askøyværingen raste Høgre og Framstegspartiet mot venstresida. På eit tidspunkt fekk politikarar latterkrampe.

Møtet varte lenge. 12 timar sat dei der midt i julestria, opp og ned frå talarstolen for å debattere den omstridde skatten.

20.40: Vi har vært vitne til noen absurde minutter i kommunestyresalen. Bård Espelid (AL) pådro seg en real latterkrampe, og fikk etter hvert med seg flere på laget. Taket løftet seg i rådhuset – og til slutt var det meste ute av kontroll. Det hele endte med at ordfører Terje Mathiassen så seg nødt til å sende lagene i garderoben for en liten pause.

Askøyværingen, 15. desember 2016

Resultatet var uansett: Løftebrotet var eit faktum. Med 19 mot 14 stemmer innførte dei eigedomsskatt.

– Eg møtte meg sjølv i døra, seier Mathiassen no.

– Vi greidde ikkje halde det vi lova. Det er eit løftebrot. Samstundes tenkjer eg at då saka kom, stod vi rakrygga for å gjere grepa vi måtte. Viss ikkje vi hadde gjort det, tenkjer eg at vi hadde svikta. Det er den andre sida av saka.

Den omstridde eigedomsskatten blir på to promille. For ein einebustad på 120 kvadratmeter betyr det 4.800 kroner i året i 2017.

Eit drygt år hadde gått sidan han vann valet. Skatten dei lova å ikkje skulle innføre var no klubba gjennom av Mathiassen sjølv. Og historia er så vidt begynt.

Skatten «alle» vil bli kvitt

288 av dei 426 kommunane i landet har eigedomsskatt på hus og hytter.

Skatten er ein måte kommunane kan auke inntektene på umiddelbart. Men den er ikkje populær. Sjølv i Raudt sitt partiprogram finn ein formuleringar om at eigedomsskatten ikkje er den beste måten å skattlegge på.

Ei undersøking frå 2017 synte at berre 14 prosent av befolkninga var positive til skatten.

Likevel aukar talet på kommunar med ein form for eigedomsskatt i Noreg. Frå 2007 til 2019 har 99 fleire kommunar bestemt at dei skal ha skatten.

For å bruke venstresidas ord: «for å sikre tenester til befolkninga». Med høgresidas ord: «sende rekninga for dårleg økonomistyring rett til innbyggjarane».

Seinast i valkampinnspurten i 2019 gjekk finansminister Siv Jensen (Frp) ut og fortalde at ho ville kutte endå meir i skatten enn dei allereie har gjort.

Kurt Johnny Hæggernes i kommunestyresalen på Askøy

AVHOPPAR: Kurt Johnny Hæggernes representerte Ap, men saka om eigedomsskatt fekk han til å hoppe av. Han stemde fram budsjettet til høgresida.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Murring i eigne rekker

I desember 2018 har partia på Askøy allereie begynt å tenkje val igjen. Det er gått to år sidan eit fleirtal innførte eigedomsskatten. Pengar frå eigedomsskatten har gått til å ruste opp skular, men parallelt har kostnadene auka.

Rekneskapen for året viser at dei allereie hadde overskride budsjettet med 32 millionar kroner, sjølv med eigedomsskatt.

No skulle dei vedta eit nytt budsjett for 2019. Og budsjett betyr murring.

Ein av representantane frå Arbeidarpartiet, Kurt Johnny Hæggernes, hadde blitt vald inn på personstemmer. Ein tilsynelatande populær mann, med bakgrunn frå idrett og frivilligarbeid på øya.

No hadde han meldt seg ut, i protest mot eigedomsskatten.

Han forklarte at han stilte til val for Arbeidarpartiet i den tru at eigedomsskatt ikkje skulle bli innført for hus og hytter. Når dei hadde snudd, låg lojaliteten hans med veljarane og ikkje partigruppa, sa han.

Midt mellom alle politikarane på venstresida reiste ei einsleg hand seg då politikarane skulle stemme over budsjettalternativet frå opposisjonen: Vedtatt med 18 mot 17 stemmer.

Med eit bank i bordet var 55 millionar kroner i inntekter borte. Dette for ein kommune som allereie måtte kutte over 30 millionar kroner fram mot 2022.

Korleis skulle dei klare det?

Askøy rådhus (fotografert 08.05.19)

KIPAKJERRINGA: Askøy rådhus på Kleppestø i bakgrunnen, med ein statue av ei kvinne som ber tungt i kipa si. Ei kipe er ei tradisjonell korg frå Askøy.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Reiste frå Spania for å fjerne eigedomsskatt

Den første planen for å kutte 80 millionar kroner, synte ingen klar løysing for korleis dei skulle bevare dei lovpålagde tenestene.

Planen var ulovleg, slo Fylkesmannen i Vestland fast. Han meinte at det ville bli svært vanskeleg for kommunen utan skatten.

Eystein Venneslan er rådmann i Askøy kommune. Han sit med ansvaret for at ting går rundt i kommunen. Han åtvara: Utan eigedomsskatt kunne stillingar bli borte, og drifta bli kutta hardt.

Som eit siste naudskrik prøvde ordførar Mathiassen å få med seg kommunestyret på å innføre eigedomsskatten igjen.

Men Ap-avhoppar Kurt Johnny Hæggernes ville det annleis. Han hadde gått glipp av møtet då dei innførte skatten for to år sidan. Det skulle han ikkje gjere denne gongen.

Han booka fly heim frå ferien i Spania for å seie si meining.

Igjen blei skatten stoppa. 18 mot 17.

Dei la opp til å bruke sparepengane til kommunen, det såkalla disposisjonsfondet.

Ordførar Terje Mathiassen køyrde heim, den same vegen han hadde køyrd med smil om munnen tre år føre.

Han hadde innført ein skatt han lova å ikkje innføre, mista fleirtalet og fjerna skatten mot sin eigen vilje.

No la han seg på sofaen, slo ikkje ein gong på fjernsynet.

– Eg berre sat der og var lei meg. Eg visste at dette kom til å bli utfordrande, seier han.

Siv Høgtun i Askøy Høgre

IS: Siv Høgtun (H) er tidlegare ordførar og stiller til val igjen no. Ho meiner at Arbeidarpartiet ikkje kan styre kommuneøkonomien, og viser til eit underskot sjølv med eigedomsskatten. Høgre var med på å stemme vekk skatten.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Ampert møte

Med 55 millionar kroner vekke, starta no kuttrundane. Kor skal dei finne pengane?

Rådmann Venneslan foreslo å kutte symbolske saker som nynorsk i skulen og ungdommens kommunestyre, men og sosialhjelp til familiar med mange barn.

På kommunestyremøtet 15. mai kokar det på Kleppestø. Lenge før det skulle koke i vasskar på øya.

Den viktigaste figuren på høgresida, tidlegare ordførar Siv Høgtun (H), snirklar seg mellom representantstolane på golvet. Ho delar ut is, kjøpt med pengar frå eiga lomme, og ber om eit kjølig og beherska møte.

Bøna skal vise seg å ikkje bli høyrd.

Ordførar Mathiassen sit på sin vande plass, i midten på eit bord, litt høgare enn alle andre i salen. Med klubba i handa skal han lose kommunestyret gjennom det lange møtet.

Undervegs avbryt representantar kvarandre, andre rister demonstrativt på hovudet og nokon ser på motstandarane med flammar i auga.

Ein ung representant reiser seg og seier at det er usakleg at han blir angrepet.

– Skal du ha ein is til, blir det ropt frå salen.

Askøy rådhus (fotografert 08.05.19)

KLEPPESTØ: Rådhuset på Kleppestø på Askøy i Hordaland.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Har berre kutta 1,4 millionar

Men politikarane har vanskeleg for å kutte tilstrekkeleg. Både ungdommens kommunestyre, nynorsk i skulen og sosialhjelpa held fram.

Siste status frå rådmannen er at berre 1,4 millionar kroner er kutta. Kutt på 27,7 millionar er i ferd med å bli gjennomført. Framleis må dei sløyfe 17,9 millionar frå nokon plass for å få 2019-budsjettet til å gå opp.

I augustmøtet klarte dei å kutte 2 millionar til, mellom anna ein million frå oppfølging av nyutdanna og kursing for tilsette.

Rådmannen etterlyser større politisk vilje til å følge opp den nye økonomiplanen dei laga når dei fjerna eigedomsskatten og den førre planen blei kjend ulovleg.

– Det er ikkje berre å snu ein stor organisasjon som Askøy kommune over natta. Generelt sett for høge driftskostnader og redusert eigedomsskatt tar tid å innarbeide i drifta, seier rådmann Venneslan.

Sjølv om inntekta frå eigedomsskatten berre utgjer tre prosent av det totale budsjettet, er mykje av pengane bundne opp i lovpålagde oppgåver som ikkje kan kuttast.

– Det er ganske lite av pengane som ikkje er bundne. Over tid kan ein fjerne stillingar når dei blir ledige eller gjere omplasseringar, men det er ikkje så lett å gjere så mykje så raskt, seier han.

Høydebasseng på Askøy, Øvre Kleppe, 2

VASSKRISA: Bebuarane på Askøy var frustrerte over høge kommunale avgifter. Etter vasskrisa må dei truleg også betale mykje meir for å gjere vatnet trygt igjen. I tillegg kjem eigedomsskatten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nytt val – ny debatt

September 2019: Det er berre dagar til askøyværingane skal velje ein ny ordførar.

Nok ein gong er eigedomsskatten oppe til debatt i valet.

Siv Høgtun frå Høgre meiner at venstresida må slutte å snakke om eigedomsskatt som den heilage gral.

Ho peikar på at kommunen gjekk i underskot sjølv då kommunen hadde eigedomsskatt og at det er eit prov på at Ap-kommunen manglar økonomistyring. Skatten løyser ingenting, seier ho.

Denne gong er det ho som går til val på ikkje å innføre eigedomsskatt.

– Vi skal ikkje sende denne skatten til ut til innbyggjarane, sa ho i NRK-debatten 27. august.

Askøy-ordførar Terje Mathiassen

GIR SEG: Etter fire år som ordførar i Askøy takkar Terje Mathiassen for seg.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Dei meiner at løysinga er å få tilbake veksten i kommunen.

På siste lokale måling frå Askøyværingen og BT har Arbeidarpartiet mista annakvar veljar frå 2015-valet. Høgre og Frp står roleg, medan bompengelista og Askøylista gjer det skarpt.

Ordførar Terje Mathiassen tar ikkje attval og skal tilbake som lærar.

– Det er ikkje mitt val no. Det har vore kjekt å vere ordførar, og vi har fått til mykje bra. Vi har hatt sykkel-VM, noregsmeisterskap i friidrett, men det har og vore negative ting som vasskrisa og eigedomsskatten. Men eg er glad for å ha fått oppleve dette.

Valgdebatt Askøy

DEBATT: Sjå NRK-debatten frå Askøy.

Askøy bør gjen­inn­føre eien­doms­skat­ten.