Kommunen droppa eigedomsskatt – no vil dei ta pengar frå familiar med mange barn

Kuttet av den upopulære skatten tvinger Askøy til å spara inn 60 millionar kroner over natta. – Vi må leita etter både store og små tiltak, seier kommunalsjef om omstridd forslag.

Follesevågen

DÅRLEG ØKONOMI: Askøy, her representert ved Follese, er i økonomiske vanskar.

Foto: Tom Rolvag / Wikimedia Commons

Nabokommunen til Bergen gjer det dei kan for å spara pengar etter at eigedomsskatten vart fjerna. På ein augneblink blei inntektene til kommunen nesten 60 millionar kroner lågare.

I jakta på å spara inn er det allereie foreslått å ofre nynorsk.

No er eit nytt forslag på bordet i kommunen der Arbeidarpartiet sit med ordførarklubba: Å kutta i sosialstønaden til familiar som har fleire enn tre barn.

– Dersom du er ein storfamilie, vil det føra til at du ikkje får ekstra stønad for det fjerde, femte eller sjette barnet, seier kommunalsjef for levekår, Torgeir Sæter.

Det kan bety fleire tusen kroner mindre å rutta med i månaden for barnerike familiar.

– Eit usosialt forslag

Sjølv om den Ap-leia koalisjonen er imot forslaget, er det frykt for at fleirtalet kan rakne når saka skal opp i kommunestyret.

Varaordførar Bård Espelid frå Askøylisten er blant dei som reagerer.

– Dette er eit usosialt forslag, tordnar han.

Bård Espelid, varaordførar Askøy

– USOSIALT: Varaordførar Bård Espelid seier forslaget er usosialt.

Foto: Askøy kommune

Varaordføraren meiner den økonomiske gevinsten er alt for liten for kommunen, samanlikna med korleis dette rammar nokre få familiar.

– Det er ei lita sak for kommunen, men desse pengane er viktige for familiane. Og sosialhjelpsstønaden er viktig i kampen mot barnefattigdom.

– Det er store beløp Askøy skal redusera for bortfall av eigedomsskatt. Vi må leita etter både store og små tiltak for å få ein økonomisk balanse, seier kommunalsjef Sæter.

Meiner barnerike familiar har «stordriftsfordel»

Kommunen legg vekt på at familiar med mange barn har «stordriftsfordelar», mellom anna fordi dei kan bruka om att klede og utstyr, og at det difor held med stønad for dei tre fyrste barna.

Torgeir Sæter

TRENG PENGAR: – Men vi må vere ærlege og seie at det fyrst og fremst er kommuneøkonomien som har gjort at vi har foreslått dette, seier kommunalsjef for levekår, Torgeir Sæter.

Foto: Sølve Rydland/NRK

Dessutan er det frykt for at enkelte kan mista arbeidsmotivasjonen, dersom sosialhjelpsinntekta blir høgare enn ei eventuell arbeidsinntekt.

Men hovudmotivasjonen er likevel økonomisk. Frå 1. januar i år blei nemleg eigedomsskatten fjerna i Askøy kommune.

– Vi må vera ærlege og seia at det fyrst og fremst er kommuneøkonomien som har gjort at vi har foreslått dette, seier Sæter.

Sparar berre 500.000 kroner

Det er likevel ikkje dei store summane kommunen kan rekna med å spara.

I januar 2019 var det ti familiar i Askøy med fire eller fleire barn som fekk sosialstønad. Om desse berre fekk stønad for dei tre eldste barna, ville kommunen ha spart totalt 43.600 kroner per månad. Det utgjer litt over 500.000 kroner i året.

  • NRK rekrutterer for tida deltakarar til prosjektet «Hele Norge snakker», der folk kan bli kopla saman med nokon dei er usamde med. 25. mai skal par snakke saman på arrangement rundt om i landet. Om du vil delta, kan du svare på spørsmålet for å byrje påmeldinga.»

Nedstemt, men ikkje avgjort

I sist veke behandla utval for levekår i Askøy kommune forslaget. Der blei det stemt ned.

Dei seks representantane frå Ap, SV, MDG og Askøylisten stemte mot, medan fem representantar frå Høgre, Frp og Venstre stemte for.

Men saka er langt frå avgjort. Både Høgre og Frp stemte for forslaget i utvalet. I kommunestyret har dei raudgrøne partia mista det knappe fleirtalet sitt, etter at ein Ap-representant braut ut i fjor haust og støtta høgresida sitt budsjettforslag.

Saka skal opp i kommunestyret i mai, og Espelid fryktar det får fleirtal.

– Det skal lite til før fleirtalet kan forskyva seg, så dette forslaget kan gå gjennom.

Per-Willy Amundsen Arendalsuka

FORESLO KUTT I BARNETRYGD: Per-Willy Amundsen (Frp) foreslo å kutte barnetrygd for familiar med fleire enn tre barn.

Foto: Torstein Bøe / NPK

Liknar omstridt Frp-forslag

Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) føreslo tidlegare i år å redusere barnetrygda for familiar med meir enn tre barn.

Forslaget fekk kraftig motbør, både frå politiske motstandarar og partikollegaer. Kommunalsjefen i Askøy innrømmer at deira forslag liknar på Frp-Amundsen sitt.

– Dette er et tiltak som vil ramma innvandrarfamiliar?

– Det er ikkje sagt i denne saka, men det er vel ei kjensgjerning at det kanskje er fleire innvandrarfamiliar som er barnerike, seier Espelid.