Hopp til innhold
Vestland fylkesting i Håkonshallen oktober 2019
Foto: Vestland fylkeskommune

Politikk i Vestland

Oppsummert

Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman til Vestland 1. januar 2020. Her får du siste nytt frå politikken i fylket.

  • Bybanen: Plandirektøren får ikkje lage tunnelutgreiinga

    Byrådet i Bergen har avgjort at leiar Terje Wanvik i plan- og bygningsetaten ikkje får ansvar for å lage den nye utgreiinga om å bygge Bybanen i tunnel i staden for foran Bryggen.

    Det skriv BT.

    Byrådet har dermed gjort som gruppeleiar Trond Tystad i Bergenslisten tidlegare har kravd.

    Tystad grunngav det med at Wanvik har hatt eit veldig tydeleg syn på at Bybanen bør byggast foran Bryggen.

    Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) stadfestar at ho «har høyrd på Tystad», men avviser at avgjerda er ein kritikk mot etatleiinga.

    Byrådet skal i staden leia tunnelutgreiinga sjølv, og skriv i sakspapira at dei derfor må rekruttere, leige eller hente inn kompetanse og kapasitet som dei manglar på fleire område.

    Forprosjekt skal fastsette éin tunneltrasé, og i løpet av hausten blir det laga kostnadsanslag for denne traséen. Heile utgreiinga skal vere ferdig for politisk behandling hausten 2025.

    Tarje Wanvik
    Foto: Leif Rune Løland / NRK
  • Protesterte mot flyktningvedtak i Fitjar

    Måndag ettermiddag markerte Norsk Folkehjelp Sunnhordland og AUF Sunnhordland si misnøye med Fitjar kommune sitt vedtak om at dei berre vil ta i mot ukrainske flyktningar. Markeringa vart halde utanfor rådhuset i kommunen, skriv Sunnhordland. Både ordførar Wenche Tislevoll (H) og varaordførar Sigurd André Maraas (Frp) var invitert, men dei møtte ikkje opp, skriv avisa vidare. Ordføraren har avvist å behandla saka på nytt.

  • Skulestruktur: Førde-rektor støttar Eid

    Rektor ved Førde vgs., Mats Bryne, vil ikkje ha utdanningsprogramma frisør, blomster, interiør, og eksponeringsdesing til Førde, men støttar Eid i å ville behalda faga der.

    Det sa Bryne på høyringsmøtet om skulestruktur på Eid i kveld, til stor applaus frå salen.

    I høyringsforslaget om endra skulestruktur er dette programmet føreslått flytta frå Eid vgs. til Førde vgs. Rektor ved Eid, Alf Reidar Myrstad, har tidlegare uttala til Fjordenes Tidende at det er viktige program for skulen.

    Høyringsmøte om skulestruktur i Nordfjord Opera, Eid
    Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK
  • INP har mål om ti stortingsrepresentantar

    Den ferske partileiaren for Industri- og næringspartiet, Ann Jorun Hillersøy frå Bergen, drøymer om heile ti representantar på Stortinget etter valet neste haust.

    – Målet er at INP skal bli eit kjempestort parti på Stortinget, gjerne blande seg blant dei 3-4 største partia. Men vi må jo begynne ein stad, så vårt første mål er ti på tinget, seier Hillersøy til NRK.

  • Ann Jorunn Hillersøy er ny partileiar for INP

    Bergenspolitikar Ann Jorunn Hillersøy er valt til ny partileiar for Industri- og næringspartiet (INP). Partiets landsmøte vedtok det med 87 mot 45 stemmer søndag ettermiddag.

    – Eg er audmjuk og takksam. Eg takkar for tilliten og gjere mitt beste for partiet, seier Hillersøy til NRK.

    Ho var innstilt av valkomiteen, trass i at førre partileiar Joar Nesse ønska å halde fram i vervet. Men Hillersøy fekk ikkje støtte av eige fylkeslag i Vestland. Irene Stendal Østerbø frå Alver stilte som motkandidat i leiarvalet.

    INP fekk 1,6 prosents oppslutning i Norstats meiningsmåling for NRK i april.

    Ann Jorun Hillersøy, INP Bergen
    Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK